Heilt sidan eg fekk sett og prøvd Lappetausa si nydelege "storkesaks" kjøpt i Madrid i sommar, har eg hatt lyst på ei slik ei. Lita og hendig å ha med seg til handsaum t.d. I dag var eg innom garnavdelinga til Mega, og der hadde dei jammen fått inn slike sakser, dog i ein litt billegare kvalitet. Men den funkar og kosta berre 37 kr!
Dette sjalet vart eg ferdig med for litt sidan. Samme mønster som det lilla, men hekla i Mirasol alpakka, eit herleg og bortimot kløfritt akpakkagarn. Brukte 100 gram.
2 kommentarer:
Det er no kjekt at du kan sy og hekle.Eg hadde begynt så smått å strikke, men så begynte eg på trening igjen i går og skuldra slo seg vrang igjen.Heldigvis hadde eg strikka ferdig det lesteparet eg heldt på med.
Her hadde det skjedd litt sidan sist eg var innom. Er still av beundring, mest over julegåvene...
I den tida eg var heimeverande småbarns-mor, starta eg ofte å strikke/sy julegåver i feb.-mars, for å rekke alt til jul. Hadde nesten 20 nevøar/nieser som skulle ha gaver, og det heimelaga var ofte det billigaste.
Det var i dei tider...
Ha ei fin helg.
Legg inn en kommentar