16 september 2008

Londontur

Vi er vel heime igjen etter ei fin helg i London saman med Strikkefar sine kollegaer med fruer.
Vi flaug frå nydeleg ver her heime, men det var fint ver i London og, heldigvis.
Laurdag var vi i Notting Hill/ Portobello Road og såg på laurdagsmarknaden. Kjempemykje å sjå og masse folk. Likevel var det veldig roleg og fin atmosfære der. Koselege og fargerike hus. I det grønne huset budde George Orwell.
"Books for Cooks", ein koseleg liten bokhandel som sel berre kokebøker.
I enden av butikken var der ein liten kafe med mykje god mat!
Mykje å få kjøpt på marknaden av gammalt og nytt. Etter Notting Hill filmen med Hugh Grant, er det blitt meir trendy og dyrare der, visst nok..

Handverk. Gode tips for oss lærarar.
Litt sightseeing blei det også tid til. Det er 23 år sidan sist eg var i London, så "London Eye" var nytt for meg.
Big Ben er vel obligatorisk.


Cheers London i Regent street, ein av dei mange tusen pubane i London.

Litt handling blei det sjølvsagt også. I Portobello Road kjøpte eg meg ei ny storkesaks (til venstre) , litt meir ekte modell produsert av DMC. Elles låg hotellet vårt rett ved Oxford Street, så det mangla ikkje på butikkar i nærleiken.

6 kommentarer:

arieldog sa...

Å, kor heldig! London er byen som har alt, og som ein aldri blir ferdig med. Westminster Abbey har eg ikkje sett. Enno... Direkteflyruta frå Ålesund skal leggast ned snart, dessverre.

Besta sa...

Ja, eg veit ikkje kva eg skal seie; nærmare 70 og har ikkje vore i London ein einaste gong!!! Men eg får vel skulde på meg sjølv? Velkomen heim Hilde, no blir det vel litt meir liv på bloggen igjen...Det har vore labert ei stund no. Torsdag reiser vi til Kongsberg ein liten tur.

Elin sa...

Håpar ikkje storkesykja tek overhand, hehe...
Kjekt å sjå bilete frå London, og godt å ha dokke vel heime igjen.
Fredag/laurdag er eg gira på sysamankveld!

Anonym sa...

Heldige deg! Henning har vært med å sett oss ri på stevne, og åte pannekake xD MASSE pannekake ; D og Lillemø har virkelig skjemt han bort.. ; D

Solveig sa...

Du er heldig. London er en flott by - skulle gjerne avlagt den et besøk igjen.

Hildegard sa...

Koselege Londonfotos. Høyrer at det gjekk fint med vesleguten som LilleMø m/fam. passa. Godt å ha stor familie som kan stille opp.
Eidabesta