31 august 2008

Siste sommardag

Etter ei altfor stillesittande veke, var det kjempeherleg å kome seg på fjellet i dag
- siste dagen i august!
Vi gjekk ein liten ekstratur frå Ossetra til Svartevatnet.
Alle fjellvatn har vel svart botn, men dette fjellvatnet ser ekstra mørkt ut på grunn av at det ligg nede i eit "høl".
Det er ganske trollsk stemning her.....

Eg hadde med meg det nye halstørkleet/sjalet som eg har begynt på. Dette heklar eg i Faerytale frå Du Store Alpakka.
Det er første gongen eg prøver dette garnet, og eg er ganske begeistra :)
Eg synest lilla og grønt er flotte fargar i lag, i alle fall ute i naturen. Men så er vel dei eit komplementærfargepar (kontrastfargepar) også.....

8 kommentarer:

Elin sa...

Guud kor lekkert det siste bildet var, då!

[morgrethe] sa...

For en fin dag du har hatt. Har litt dårlig samvittighet, for jeg er dårlig til å ta meg ut på tur for tiden. Skjerpings!!!

Faerytale er et nydelig lett garn. Strikket jo en jakke til Sjefen her i vår, er nokså spent på kvaliteten ved bruk. Med hullmønster og ei vimsete jente, kan kanskje tråden ryke lett. Men til heklet sjal må det være perfekt. Der fikk jeg tips en sen søndagskveld;o)

Hildegard sa...

Som vanleg, vakre naturfotos.
Brukte det lilla sjalet eg fekk av deg til kyrkje i dag. Presentasjon av konfirmantane 2009, barnebarnet Ingrid klarte seg fint. Tankevekkjande preike av ungdomspresten om vår tids prioriteringar, statusjag, kjøpepress og stress (må vere med og helst lukkast i alt).
Eidabesta

Besta sa...

Bilda er berre heilt nydelige;lilla og grønt er flotte fargar i lag. Apropos preike, så synest eg Lappetausa si historie frå 2.verdskrigen står i sterk kontrast til vår tids egoisme. Har vi fått det for godt?
(Eg opplever meir slik egoisme i det eg høyrer og les enn i familie og nærmiljø!!!)

Solveig sa...

Grønt og lilla var skikelig flott. Og garnet ser mykt og godt ut. Mange flotte naturbilder.

Timotei sa...

Grønt og lilla er lekkert sammen og du er ikke bare en dyktig strikker, men en dyktig fotograf også!

arieldog sa...

Eg ser i butikkane at det er mykje lilla og plommefarga i år både i klede og interiør. Lilla er ein fin farge som nesten alle kler. Nydelege naturbilete!

Cloudberry sa...

Nydelige bilder!