16 januar 2008

Sjal i navia

Eg har gjort ferdig dette enkle sjalet som blei påbegynt og nesten strikka ferdig i fjor haust. Garnet heiter navia og er ei herleg blanding av ull frå Færøyane, Shetland og Australia. Eg strikka etter eit mønster som eg fann på ein blogg, hugsar ikkje kva for ein.
Det er slik:
Legg opp 5 masker. Rettsida: 1m, 1 kast, rett til midten, 1 kast, 1m, 1 kast. Rett til det gjenstår 1 m, 1 kast, 1 m. Pinnen tilbake skal strikkast kun i rettmasker. Strikk til det er 250 masker eller lenger.
Nede på sjalet har eg sydd på nokre hekla blomar. Desse kan eg ta vekk viss eg finn ut at eg ikkje vil ha dei. Lurer på å hekle ein blomst som eg kan ha som nål framme og. Eg har også hekla ein kant rundt to av sidene. Den tredje sida har ein fin holkant som blir danna av aukingane i sidene.

7 kommentarer:

ELIN - "The quilt maiden" sa...

Dette har du holdt skjult for meg! Herligheten kor vakkert!

Anonym sa...

Kjempe lekkert sjal :)
Utfordra igjen du :)
Ronille

Mor Grethe sa...

Du avslutter ufo'er forstår jeg. Akk det kunne vært meg. Sjalet var kjempefint, oppskriften er lagret. Nå skal jeg tipse åse-søster, for hun lette etter sjaloppskrift i går. Hun fant vist ett i Drops, men dette var jo kjempe-enkelt.
Jeg har iallefall lyst til å strikke det. I morgon i morgon, og ikkje i dag!

Marie sa...

Nydeleg sjal du har strikka! Vottane på sist innlegg er goså fine! Her går strikkeprosjekta unna i rasande fart, medan eg brukar tida mi til å stå med nasen i sky og ta himmelbilete, hehe

Ha ein finfin torsdag :)

Felisi sa...

Så flott sjal! Har ikke sett akkurat denne varianten før. Noe å kopiere kanskje ;o)
Fine sokker du har laget også. Jeg er også igang med sokker, og det er jo gøy!

Blåbærtua sa...

Dette sjalet var kjempefint. Har ikke hørt om det garnet før...hvilken pinnestørrelse har du brukt?, og har du kanskje forslag til alternativt garn?
Fikk veldig lyst til å strikke et.
Fortsatt god helg!

helga sa...

Det var et lekkert sjal! Oppskriften er lagra...