25 januar 2008

Ekstremveret "Sondre" / The storm today!

Denne brua fører over til ei lita øy, som vi ikkje såg noko til i dag.

I dag har vi hatt litt av eit ruskever her! I elva var det springflo, noko som vi opplever eit par gongar i løpet av hausten/vinteren. Då stig vatnet opp til ein meter over vanleg flo. Her er nokre bilder som eg tok då eg kom heim frå jobb. Floa var på veg tilbake og vinden hadde roa seg.
Til samanlikning; elva tysdag ettermiddag.

3 kommentarer:

ortentrovag sa...

Vi har hatt dei same variasjonane her. I følgje Einar var det mykje verre i Ålesund. Eg vart for sein å ta bilde.

Anonym sa...

Ja, det vart litt mykje vatn i går.
Sjøgata såg ikkje ut og var stengd i fleire timar. Eidabesta.

Besta sa...

Her oppe merkar vi ikkje mykje til flo og fjære, derimot har vi merka vind og torden.Var på Amfi i dag og då såg vi at det var høg vannstand. Må vere nifst å bu så nær elva i slikt ver. Men bilda er fine!!!!