12 januar 2008

Quilte/strikketreff


I dag hadde eg besøk av systra mi, LilleMø og tanta mi, Lappetausa. Lillemø strikkar Fanagensar og Lappetausa syr til ein lukkekant for hand. Sistnemde strevar med å få alle UFO'ane sine ferdige, og eg må seie ho gjer ein god jobb! Ho viste nemleg fram fire ferdige på bloggen sin sist søndag, og i morgon blir det truleg tre til! Vesten som Lappetausa har på seg blei strikka av LilleMø for 25 år sidan. Han er truleg strikka i Peer Gynt og er fortsatt like fin! Vestar er eigentleg veldig praktisk plagg, så eg trur eg må strikke meg ein snart. Eg kjøpte eit PT hefte i fjor med mange fine modellar........

3 kommentarer:

Besta sa...

Dette såg koselig ut! Men manglar der ikkje ei tante ?

Haldis sa...

Koselig de har det!Ha ein god søndag.

Juliann sa...

Så heldige de er som har dåkkar eigen familieklubb!! Er misunnelig!