29 januar 2008

Det stive/harde sokkegarnet mitt


I dag har eg vore heime med Henning som har hatt feber og vore forkjøla sidan laurdag. Vi har sove dårleg dei siste tre nettene, så det var godt å ta det litt med ro i dag. Det har vore lyst og fint ute i dag, så eg måtte ta med meg garnkorga med det stive/harde sokkegarnet mitt ut for å ta eit bilde. Fine fargar ikkje sant!? Eg skal prøve å strikke opp litt av det, men merkar at det ikkje er så bra for armar og rygg å strikke for mykje av dette garnet.

7 kommentarer:

Besta sa...

Kjenner i alle fall att noko Treskogarn her! Vondt og hardt å strikke, men sikkert sterke sokkar.
Eg kjenner at skuldra mi toler ikkje så godt alle flettene i arangenseren heller-blir for lite avslapping.Satsar heller på tynt og lett garn. Tenk ikkje meir på Opal, ingenting hastar, men kjem eg til Eid er det greitt å sleppe å "springe " rundt og leite.

Elin sa...

Kan du ikkje heller strikke den jakka til meg, mykje lettare for rygg og armar! Eg berre måååååå ha den.

Marie sa...

Det er i allefall fine friske fargar på sokkegarnet ditt. Jakka på innlegget under er nydeleg!

Ser du har hatt besøk av "Sondre"...

Ha ein fin kveld :)

Timotei sa...

Herlige farger på sokkegarnet ditt! Blir sikkert solide sokker av det garnet. Synes jakken du viste bilde av under her var så fin!

Anonym sa...

Eg kan kjøpe dette garnet av deg slik at du får "råd til lettare" garn? Du har vel heilt abstinens no - og snart vinterferie? Eidabesta

Anonym sa...

Mange flotte farger der ja, men godt å strikke av er det ikke...

Cloudberry sa...

Er ikke godt å strikke med slikt garn nei, men for noen flotte farger!

Du har fått You make my day awarden av meg :)