07 september 2008

Roser

I går kom svigermor med desse nydelege rosene frå hagen sin. Kanskje nokon veit kva dei heiter? Dei luktar i alle fall utruleg godt!

3 kommentarer:

solveig sa...

Dei liknar veldig på Aloha! Mi venninne M, som eg kallar henne på bloggen, har sett stilkar i jorda, slik har eg fått avleggar. No har ho "laga" ei til mamma. Eg har også prøvd meg. Til våren vil det vise seg.
Viss det er Aloha, så er det ei buskrose som kan bli stor, og så luktar den fantastisk! Den kan ha ei eller fleire roser på ein stilk.
M si dekte ein heil murvegg.

Hildegard sa...

Viss eg ikkje hugsar feil, veks dette rosetreet ved inngangstrappa hjå svigermor og svigerfar. Nydelege roser. Du har ei ungdommeleg, sprek og snill svigermor på 80 år. Vi har hatt mange kjekke stunder i lag med besteforeldra på Os.
Eidabesta

Besta sa...

Viss det stemmer alt som blir sagt her, så må Aloha vere ei rotekte rose, for ein kan vel ikkje ta "avleggarar" av poda roser?
Eg gler med veldig til eg får rosa som M. har laga til med. Skulle ønske eg kunne plassert den ved inngangen slik som på Os, men det går ikkje her sidan det blir på skyggesida mot nord.