27 september 2007

Gamle klassikarar


Eg har blitt inspirert av fleire bloggarar når det gjeld film og litteratur siste veka. Ein bloggar anbefalte triologien "Og bakom synger skogene", "Det blåser fra Dauingfjell" og Ingen vei går utenom" av Trygve Gulbranssen. Eg hadde eigentleg tenkt å lese bøkene, men sidan biblioteket hadde lydbøkene, enda eg opp med det. Då kan eg slå to fluger i ein smekk (dvs. strikke samtidig). BBC filmatiseringa av Charles Dickens roman "Bleak House" frå 2006, har eg og sett anbefalt på ein blogg. Før var eg ein flittig brukar av biblioteket, men no nyttar eg meg altfor lite av dette tilbodet. Det er bra å få slik inspirasjon på nettet og!

4 kommentarer:

Elin sa...

Så flott, Hildemor.....Skal vi sjå på filmen i lag? No får eg snart Nord og sør... Helsing frå Stryn!

Anonym sa...

Bøkene av Trygve Guldbranssen er virklig verdt å få med seg. Las dei for nokre år sidan. Lydbøker er en fantastisk oppfinnelse. Høyrde "Mors og fars historie" av Edvard Hoem for ei tid tilbake. Den kan og anbefalast.

Anonym sa...

Eg må få låne "bakom synger..", las dei då eg var ung. Eidabesta

Anonym sa...

Desse bøkene er eit must. Synd at forfattaren kun skreiv desse 3 bøkene, men soga seier at han fekk dårleg kritikk for dei og derfor ikkje skreiv noko meir. Det var iallefall ikkje fortjent.
Ellers kan eg anbefale Markens grøde på lydbok. Den har eg akkurat høyrt igjennom.