02 september 2007

Min første tova løpar

Eg har hekla ferdig løparen min og er godt fornøgd med resultatet! Mønsteret fann eg i eit nytt interiørhefte frå Gjestal. Garnet som er brukt heiter Gjestal Ullteppegarn. Det er mykje fint i heftet, så eg kjem sikkert til å lage fleire av modellane.
Her er løparen før vask, og før eg festa trådane og hekla kant rundt. Ca. 100 cm lang.
Eg vaska han to gongar i maskina på 30 grader,finvask. Andre gongen kort program. Då var han passeleg tova.
Det er alltid spanande å tove i maskin....
Eit kjekt og raskt prosjekt!

7 kommentarer:

Anonym sa...

Fin løpar du laga.Spennende med anna enn lappeteknikk.Det blir berre lappeteknikk med meg for tida.

Two sa...

Rask som vanleg med alt, men så var det dessa vottane då...... går det framover med dei?

Elin sa...

Dette blei midt i blinken, passar så flott inn i interiøret elles! Godt jobba!

Marie sa...

Å så fin løpar! Skikkeleg stilig med den blomen på også.
Ha ein fin dag :o)

Besta sa...

Var litt skeptisk på dette prsjektet--tova duk, liksom???
Men jammen blei den fin!!!!!Har spekulert på å begynne å hekle eit kvart eg også-kanskje gryteklutar?

Timotei sa...

Stilig løper! Tror jeg må se etter det mønsterheftet jeg også. Virker spennende.
Flott strikkemappe du har kjøpt hos Felisi. Og så praktisk!

Anonym sa...

Så fin løperen ble!. Morsomt å se heklede produkter bli tovet. Du har så mange spennende ting på gang, så det er alltid kjekt å stikke innom ;)