16 september 2007

...Og to par strømper til bitte lille bror..

Desse strømpene har vore nesten ferdige ei stund. Til venstre "Jeep-sokkar" til 3-åringen. Eg brukte eit nøste Sisu og fekk akkurat litt for lite garn. Viss ein ser godt etter, ser ein at eine tåa er i ein annan (men liknande) farge... Til høgre eit par til same karen strikka av ein rest Online.

10 kommentarer:

Besta sa...

Fine lester. Ser at du varierer "framgangsmåten"- eg strikkar alle lester etter same oppskrift. Når eg har mange restar, strikkar eg "reste-leste"-då strikkar eg begge lestane samtidig, frå kvar sin ende av nøsta.Dei blir ofte ganske morsomme. Lurt i barnehagen, for dei er lette å kjenne att.I dag har eg begynt på Odessahue i kvut ull.

Besta sa...

Ser feila litt for seint. Det skal sjølvsagt vere KVIT ull. Dysleksifeil kallar Margrete det, men det er vel heller tastefeil.

Marie sa...

Så fine sokkar du har strikka! Tippar at han som får dei blir kry av dei. Ha ein fin kveld :o)

Anonym sa...

Her på Hareid er det in å gå med strikkalestar i joggesko på ungdomsskuen. Nokre år har dei greidd seg utan vintersko.
Eg trudde moten skulle dabbe av, men nei.

Besta sa...

Og då kan dei på Hareid vere glade for å ha ei sokkestrikkande Besta .

Eli A. sa...

Hei igjen.. Tusen takk for at du svarte på det der med dressen ! Da tror jeg at jeg skal kjøpe den boka.Det er den melerte dressen jeg tenker på, den er bare kjempefin. Tenkte faktisk å bruke dobbel babyull. Kan jeg spørre deg om du kjøpte boka i bokhandel, eller er det bare på nettet hos Nøstebarn ?
Ha ei fortsatt fin strikkeuke !
www.strikkemor.blogg.no

Andrea sa...

Hei hei. For en koselig blogg du har, så mye fint her. Du lager jo veldig mye vakkert, ble så inspirert av de linkene av ting du har lyst til å lage, hihi. Linker til deg jeg, viss det er greit? Koselig å titte innom her. Ha en fortsatt fin dag!

Ingrid:) sa...

Dei va fine:D
Tippar han Henning likar dei godt:)

Ingrid:) sa...

Dei va fine:D
Tippar han Henning likar dei godt:)

Marie sa...

Hei, hei!
Kikk innom bloggen min, eg har tagga deg!