21 august 2008

Flo og fjære

Vi bur ved ei elv, noko som er både kjekt og travelt når ein har små barn. Det er mykje å finne på både når det er flo og når det er fjære, men samstundes må ein passe ekstra godt på dei små som ikkje kan å svømme.
På grunn av flo og fjære endrar utsikta seg mykje i løpet av dagen. Det er 1,5 meter skilnad på full flo og fjære. Eg synest det er finast når det er flo, men for ein gongs skuld har eg tatt bilder når det er fjære, og det er ikkje så verst det heller....

4 kommentarer:

Solveig sa...

Du tar noen utrolig flotte naturbilder. De er en fryd å se på. God helg!

Besta sa...

I min pure ungdom fann veninna mi og eg ein laks som hadde fjæra inne i ein kulp-rett over på andre sida av elva di.Vi kunne ha tatt laksen med hendene, men fann ut at han måtte vere sjuk sidan han låg DER og plaska.Så vi gjorde ingen ting.
Ein annan gong vassa vi ut på ei øy i elva, det var på Skipenes. Det vart flo og vi måtte vere der til det fjæra igjen.Det var i april månad og badetemperaturen lite fristande.
Ei elv byr på mange muligheiter!!!

STRIKKEMOR(O) sa...

Det er artig med slike minner. Eg kan godt forstå at dokke ikkje ville bade i elva i april, for då er det KALDT!

Hildegard sa...

Vakre bilder, som vanleg. Gratulerer med antatt foto i Eidaportalen!
Eidabesta