26 august 2008

Årets første plommer og nytt quilteblad

Her er årets første plommer. Eg skriv med vilje årets og ikkje haustens, sjølv om det var den første "tittelen" som slo meg (sukk...).
Eg skulle berre innom Narvesen ein tur i dag, og då såg eg dette engelske qultebladet som eg ikkje har sett før. Det måtte eg berre ha, for det var kjempefint i landleg stil!
Baksida viser litt av innhaldet. Huset er faktisk eit trekk til symaskina!!

Herleg seng å slenge seg i!
Reknar med at Lappetausa og Tiril-sol legg merke til sengelektyren (som er den samme som min).

6 kommentarer:

Elin sa...

Morsomt! Eg stod og bladde i dette bladet søndag, men greidde å stå imot. Fint at du har det... Og sengelektyren er god, den!

Anonym sa...

Åååå plommer, det har jeg lyst på også, plomme treet vårt har ikke blomster engang, en liten kvist som står og ler av oss. Lurer på om jeg ikke må finne det bladet hos vår Narvesen.

Anonym sa...

Er usikker på om plommer skal ha ein eller to m-ar på nynorsk. På jobben måtte eg skrive bokmål, synes derfor det er kjekt å halde meg til nynorsken no - men er til tider usikker på kva som er "lov" etter kvart! Ja det er litt av eit fruktår i år, får berre dårleg samvit når ein ikkje nyttar alt.
Kjekt at de damene finn inspirasjon i faglitteratur, sikkert betre enn "Se og hør".
Eidabesta

STRIKKEMOR(O) sa...

Eg har berre ei gammal ordliste frå 1982 her, og der er plomme med ein m oppført som sideform. Dvs. at det er lov å skrive det, men at ordet ikkje blir brukt i lærebøker på nynorsk.

marit sa...

Det er nummeret før du får meg til å prøve quilting...blir farlig inspirert her!

Besta sa...

Er det Opalplommer? Vi har eitt tre med Rivers Early, tre Opaltre, eitt med Blue Rock, eitt Althans og eitt med Victoriaplommer.Opal er favoritten! Viss Victoria blir modne er dei gode sylteplommer.Gjett om vi får brukt opp alt? Ja, det er populært å besøke oss i plommetida.