21 august 2008

Ny heklebok i posten

Då eg var i USA såg eg denne boka i ein garnbutikk og vurderte å kjøpe den. Det blei det ikkje noko av, og det angra eg sjølvsagt på då eg kom heim, særleg då det viste seg at eg må halde meg til hekling ei stund framover. Men løysinga blei Amazon.co.uk der eg er god kunde! Billig og bra. Tok berre tre dagar frå eg bestilte boka til ho låg i postkassa!
Dette er den tredje boka eg har i denne serien. Dei to andre er strikkebøker. Eg diggar verkeleg illustrasjonane i bøkene!

4 kommentarer:

Elin sa...

For ei morosam bok!

Timotei sa...

Ser ut som ei herlig bok!

Hildegard sa...

Sikkert inspirerande med dei fine teikningane.
Eidabesta

Cloudberry sa...

Denne boka er herlig!
Har hekla uglegenseren ;)
Har en award til deg :)

Ha en fin lørdagskveld!