14 august 2008

Pynteskjerf i T`ika

Det tar nesten ikkje noko tid å hekle dette skjerfet, og eg må innrømme at eg har fått litt dilla......
Denne gongen har eg hekla i eit herleg bomullsgarn frå Andesfjella i Peru. Det var nok med 50 gram, sjølv om 50 g berre var 83 meter. Litt av inntektene for sal av dette garnet går til hjelpeprosjekt for barn i Peru. Les meir om dette her. Eg kjøpte garnet hos Reidun på Eid Miljø.

1 kommentar:

Hildegard sa...

Du verden kva ein kan få gjort når ein nyttar alle stunder. Du er godt i gang med julepresangane alt?
Eidabesta