09 oktober 2007

Fjellørret til middag

Mange i familien min er opptekne av fisk og fiskekaker. Difor tek eg med dette bildet av fjellørretane vi hadde til middag i dag. Her ligg dei klare til å bli steikt, utan hovud og innmat. Ørretane blei fiska av mannen min i går ettermiddag i vatnet på Ossetra. Han fekk fire til som blei gitt vekk til svigerforeldra mine. Henning var veldig oppteken av fiskane, men ville ikkje smake. Han nekta på at det var faren som hadde fiska dei - det var det nemleg Tråle som hadde. Viss det er nokon som ikkje veit kven Tråle er, kan eg legge til at det er fiskebåten (sunnmøringen) i Elias.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Mmm det såg da godt ut! Men ja da blir det handelslekkasje, Ronille landar på Eid på fredag, treng meg ei ny bukse også, der er vel kesbutikkar også?? (tulla). Takk for svar, ha en fortsatt fin kveld :)

Besta sa...

Noko så godt som steike kreder!!!!!Ikkje ofte vi har slikt i hus.
Men sjøfisk er no godt det også. Håkon fekk eit par lester i Regia med seg heim, og no held eg på å srikke nye Regiaføter til eit par gamle brot til Audun.Blir visst aldri ferdig med desse lestene !

Anonym sa...

"Utan hovud og innmat" minner meg om ei morosam historie... :-D

Anonym sa...

Sist eg åt krede var i vår.
Elevane skulle lage måltid etter tallerkenmodellen for 15 kr pr person. To luringar spurte om det var lov til å ha med sjølvfiska fisk. Eg sa det var greit berre fisken kom i frysaren på skulen før sjølve dagen. Dei fekk råd til gode grønsaker rømme m.m
Men så vart ein av "gjestene" deira sjuk, og eg tigga meg eit måltid med påskot av at det var det beste eg visste.
Solveig