07 oktober 2007

Bjørnar i aksjon

Her er Bjørnar i ferd med å skyte ut ballen i ein kamp torsdag. Laget hans spelte mot Haugen og vann 6-1. Heia Eid! Dette bildet skal eg ikkje ta æren for, det er tatt av lokalavisa.

3 kommentarer:

Elin sa...

Flink gut! Tunga relativt beint i munnen. Brukar han venstre foten på utspark? Er han keeper? Mykje ei gamletante ikkje har fått med seg...

solveig sa...

Ser at Elin lurer på det same som meg: Er han keeper.
Audun er på Høddtrening i dag.
Han spelar (keeper)på Hareid Junior og er reservekeeper på A-laget.
Eg tenker ofte på når mormor Amanda snakka om eit heilt fotballag med gutar.
Det hadde site eit par på benken og! Ingeborg og Olaug spelar fotball, men der kunne vi berre stilt 5-ar lag....

Anonym sa...

Det er flott at Bjørnar spelar både inne og ute. Audun fekk gå på Hødd keeperskule to haustferiar på rad då han var i den alderen. Eine året kom han på TV Sunnmøre med kommentaren at dei hadde sett mange lovande talent. Sidan det har han berre spelt spiss eit par gongar på Norway Cup t.d. når dei leiar og reservekeeperen får prøve seg.
Solveig