21 juni 2010

Ventar på sommarvarmen

I dag har det vore fint ver, men sommarvarmen lar vente på seg,
her på Vestlandet i alle fall.......
Eg er i heklemodus enno, så no har eg funne fram diverse single nøster med babyull frå garnlageret, og har begynt på eit nytt teppe.
Det er ikkje så stort, så det blir vel eit babyteppe eller liknande.
Får sjå korleis det utviklar seg.
Når det gjeld mønster og inspirasjon,
fann eg det her hos Attic24!!
Bordet som er laga av Strikkefar (eller skal eg heller kalle han Handyman !?),
er tatt i bruk :-)

Denne fine og romslege veska fekk eg av Lappetausa til bursdagen min
i forrige veke.
Den er sydd av Timotei! Ta ein titt i butikken hennar!

18 juni 2010

Sommarferie!

Strikkefar har laga dette hagebordet til meg!
Då vi flytta stampen tidlegare i vår,
saga vi ut ein sirkel i treplattingen der stampen skulle stå.
Denne sirkelen er no blitt til eit bord, gjenbruk sort of :-)
Det er beisa i uttynna kvit beis og skal flyttast ned igjen på plattingen
når det er skikkeleg tørt.
Elles har eg vore skikkeleg forkjøla denne veka, men er oppadgåande no.
Har tilbrakt mykje tid på sofaen, og litt hekling har det blitt.
Dette babyteppet begynte eg på i fjor sommar,
for å få brukt opp ein del av babyullgarnet mitt.
No har det endra status frå UFO til HEILT FERDIG!

Eg har fått sommarferie, men sommarveret lar vente på seg!

13 juni 2010

Sommarleg ullpledd

Det har vore litt einsformig og kjedeleg her på bloggen min
dei siste 6-7 vekene.
Men no er eg endeleg ferdig med teppet,
og sommarferien er like rundt hjørnet!
(Berre ei veke igjen...)

Eg hekla saman bestemorsrutene med fastmasker på vranga.
Hekla deretter to omgangar med stavgrupper rundt,
og til slutt ein bølgekant.

Minstemann synest det klør litt, men at det ikkje gjer noko......
Teppet er hekla i rein ull, ikkje superwashbehandla.
Det er ganske lett for eg har brukt mest Finullgarn og PT2,
(men også ein god del andre merker).
Det er ikkje vaska, blokka eller dampa.

03 juni 2010

Nesten i mål

Takk for alle dei hyggelege og oppmuntrande kommentarane
som eg fekk på forrige innlegg!!
***
No er eg snart ferdig med alle dei 96 lappane til lappeteppet.
Det har eigentleg gått ganske fort.
Det er berre litt over ein månad sidan eg begynte på dette prosjektet.
***
Eg kjem nok til å hekle saman teppet med fastmasker på vranga.
Brukar Finull frå Rauma. Det går fort og greitt!

20 mai 2010

6x8=48

Sidan forrige innlegg har det berre blitt hekling og ikkje lesing,
og det viser igjen på antal lappar til lappeteppet mitt!
No er eg halvvegs!!

14 mai 2010

Litt av kvart.....

Det har blitt gjort litt lite handarbeid i det siste.
Grunnen til det er at eg er i lesemodus for tida.
Her er dei to siste bøkene eg har lese.
Eg er medlem av Libris sin "bokklubb", Bokliv.
Der får medlemmane mail om gode tilbod kvar månad.
"Den glemte hagen" er ei slik bok.
Lettlest og vanskeleg å legge frå seg, så 600 sider gjekk som ein røyk!
Denne hekleboka kjøpte eg for nokre veker sidan.
Veldig fin og koseleg bok!
***
For ei stund sidan vann eg desse klutane på bloggen til "duBedåre"
Fekk dei i postkassa for nokre dagar sidan, kjempefine!
Så mange takk til duBedåre for klutane!!

Eg har begynt på eit hekla teppe i oldemorsruter.
Brukar litt ymse ullgarn, og heklar to omganger med Finull rundt alle til slutt.
Eg har hekla 24 til no.

07 mai 2010

Konfirmasjon

Sist helg hadde vi trippel-konfirmasjon i familien.
Vår gut nr. 3 blei konfirmert saman med fetter og kusine. Ein veldig koseleg dag!

26 april 2010

Claudia scarf

Har hekla eit Claudia scarf i BabySilk frå DSA.
Det gjekk med litt over fire nøster for å få skjerfet ca. 2 m.
Kjekt og enkelt mønster, som gjekk veldig fort å hekle.
Hekling er tingen viss ein ikkje orkar å strikke eit skjerf,
det går mykje fortare!!


24 april 2010

Green Gate

Eg var på ein liten handletur med Lappetausa i dag føremiddag.
Blei overraska og glad :)
då eg oppdaga at ein butikk på denne vesle plassen
har tatt inn Green Gate produkt.
Så denne matboksen blei med heim.
Den står jo så godt i stil med bloggsida mi!!
Litt broderigarn til halv pris blei det også!

22 april 2010

Stjernespekksjal

Stjernespekksjalet mitt er ferdig, med frynser og alt.
Eit raskt og kjekt prosjekt
(som dei fleste prosjekta mine:)
Nesten ingen trådar å feste, men til gjengjeld ein del arbeid å lage til frynsene.
Garn: Sisu (dobbelt)
Pinnar: 7
Mønster: her.
Denne maska heiter Daisy stitch på engelsk,
og eg fann eit fint mønster på pulsvantar her!
Aprilmorgen!

18 april 2010

Hekla sjal



I påska hekla eg dette trekantsjalet.
Det er hekla som ei halv bestemorsrute.
Garnet var ukjent for meg, og no finn eg ikkje igjen lappen.

Regionstreff

I dag har eg vore på Regionstreff for quiltarar i Sogn og Fjordane .
Mange fine arbeid var utstilt.

Og så blei det sjølvsagt handla litt.
Eg kjøpte desse reprostoffa av Wenche/Norhern Quilts.
Wenche heldt foredrag om reprostoff og gamle quiltar.
Ein veldig kjekk dag!

10 april 2010

Kari Traa lue

Denne lua strikka eg tidlegare i vinter etter å ha vore på besøk i butikken til Ronille. Der fekk eg sjå lua som ho hadde strikka og fekk lyst til å prøve eg og. Fann eit mønster her som eg brukte.

Stjernestrikk

Torsdag var eg på strikkekafe.
Der lærte Magfly oss å strikke stjernemasker, veldig kjekt!

Mange starta på dette sjalet,
som er designa av Pickles.
Eg hadde berre raska med meg litt Sisu-garn i full fart,
så fargevalet mitt er ikkje så veldig gjennomtenkt.
Men det blir ikkje så verst.
Strikkar med dobbelt garn på pinne 7.
Dette skjerfet er hekla i full fart av to garnnøster som eg kjøpte i vinter.
Marks & Kattens Eco ull.
Eg hadde ein plan med dei to nøstene, men kunne ikkje kome på kva den var....
Skjerfet er hekla med fastmasker med ei luftmaske i mellom.
Og så hekla eg ein kant rundt til slutt.
Inspirert av One skein scarf,
men fekk ikkje til å opne mønsteret, så eg såg berre på bildet.