10 april 2010

Stjernestrikk

Torsdag var eg på strikkekafe.
Der lærte Magfly oss å strikke stjernemasker, veldig kjekt!

Mange starta på dette sjalet,
som er designa av Pickles.
Eg hadde berre raska med meg litt Sisu-garn i full fart,
så fargevalet mitt er ikkje så veldig gjennomtenkt.
Men det blir ikkje så verst.
Strikkar med dobbelt garn på pinne 7.
Dette skjerfet er hekla i full fart av to garnnøster som eg kjøpte i vinter.
Marks & Kattens Eco ull.
Eg hadde ein plan med dei to nøstene, men kunne ikkje kome på kva den var....
Skjerfet er hekla med fastmasker med ei luftmaske i mellom.
Og så hekla eg ein kant rundt til slutt.
Inspirert av One skein scarf,
men fekk ikkje til å opne mønsteret, så eg såg berre på bildet.

4 kommentarer:

duBedåre sa...

Så artig å lære noe nytt på strikkecafe! Og skjerfet var lekkert, altså!

Ta en titt på mailen din, eller bloggen min, ser ut til at du har vinnerlykke... (o: Gratulerer!

snakkemunn sa...

Så gøy å gå på strikkekafe å lære nye ting. :))

Felisi sa...

Fint sjal, og fargene ser da svært så gjennomtenkte ut.
Du får hilse Magfly fra meg neste gang dere er på strikkekafe ;)

MagFly sa...

Så flott det vart. Neste steg er å spekulere ut fleire mønster å bruke stjernene på.