25 februar 2010

Garnkroken

Det var ein stor skuffelse å bli kraftig forkjøla
i den etterlengta vinterferieveka.
Etter eit par dagar på sofaen,
fekk eg endeleg gjennomført den planlagte Ørstaturen saman med Lappetausa.
Ikkje i toppform nokon av oss, men kjekt å kome seg litt vekk i alle fall :-) (-:
Vi var innom mange garnbutikkar,
men dagens høgdepunkt var å besøke
Ronille på Garnkroken.
Eg har hatt bloggkontakt med henne eit par år, men vi har aldri møtt kvarandre før, så det var artig!
Her er modellane frå "Mauds hjerte", Ellinor si bok.
Nokre bilder frå butikken.
Ellinor har strikka denne flotte "Kari Traa-lua".
Den fekk eg lyst til å prøve meg på!
Har ikkje fått med meg at denne var populær å strikke før i dag.
Fekk forklart framgangsmåten av Ellinor,
og fann også mønster og forklaring på denne bloggen her.
* * *
Då eg kom heim oppdaga eg at posen med garnet som eg kjøpte hos
Ellinor var borte vekk......
Trur eg har lagt den igjen på Amfi, og håper at den dukkar opp.
Var visst ikkje heilt på topp i dag, nei.......

12 kommentarer:

Unknown sa...

Flott at dere hadde en fin tur, kjempesynd at poen din var borte. Detmå ha vært nedtur. ;)

Anonym sa...

Hei.Høres ut som du koste deg.Håper du finner garnposen igjen.Lua kjempe fin.Go bedring.Jeg å sitter hær nå med feber og tett i nesa.Så får ta Hytte turen senere.Ha en riktig fin Fredag og helg.Klem fra Bodil..♥♥

Anlen sa...

Eg skulle også gjerne ha besøkt Garnkroken... Jaja, det kjem vel ein dag:) Håper posen din kjem fram igjen, det er slikt som er surt å miste!

Besta sa...

Var dokke her i Ø utan å kontakte meg-eller sov eg middag? Har du gjort noko for å finne att garnposen. Veit du kvar du la den att? I kafeen kanskje? Skal vi spørje etter den for deg, eller......
Eg har forresten kjøpt boka til Ellinor:Mauds hjerte.

karinanna sa...

Ser ut som dokker storkosa dokker -Ha ei trivelig helg.

strikkenor sa...

ÅH, detta såg koselig ut..håpe du finn att garnposen..
Synd du vart sjuk i ferien,-er ofte sånn at man blir sjuk når en har fri.."tåler" ikkje å slappe av.. Sees etter helga..ha ei fin helg Hilde:)

Besta sa...

Garnet er på plass i Starevegen.

Elin sa...

Kor tid går turen til Starevegen? Du må no gjere det medan butikkane er opne...

Timotei sa...

Ja, det er vel typisk at en skal bli dårlig når en har ferie. Håper du er på bedringens vei. Ser ut som dere hadde en koselig tur i allefall. Garn kan være god medisin det også:-)

Hildegard sa...

Kjekt at de endeleg fekk ta turen over grensa. Det ordnar seg vel med garnposen, får vi håpe.
Mamsen

Besta sa...

Fekk så lyst å strikke den Kari TRaa-lua. Men først må eg bli sittedyktig igjen!

Turid sa...

Det er som å se sukkertøy , når en ser så masse garn -herlig!
Takk for mønster på Kari Traa lua!