
I det siste har Liselotte hatt mange innlegg om hexagonteppa sine.
Eg fekk veldig lyst til å prøve om eg fekk det til.
Liselotte er blitt inspirert av
dette teppet, og ho har lagt ut
mønster på bloggen sin. Det har også Juliann
her.
Eg har sortert alt garnet mitt i plastkasser, og no fann eg fram kassa med litt tjukkare bomullsgarn (pinnar 3-4). Der var det masse smårestar pluss ein del single nøster i mange forskjellige fargar. Eg heklar rundt kvar sirkel med ein naturkvit farge som eg har mykje av. Det garnet skulle eigentleg blitt til ei sommarjakke for minst ti år sidan...
Dette er første gongen eg har hekla sekskantar, og det er skikkeleg artig og kan anbefalast!!
Kor stort dette teppet blir kjem rett nok an på skuldrar og alboge, men eg håper det kan bli eit lite sengeteppe!......


Ute har det vore fint ver denne helga. Dette bildet er tatt frå hagen i går. Då var det skikkeleg vårstemning her!