23 mars 2009

Høg kosefaktor i kattekorga

Hermine, pusen vår, har fått kattungar kvart år i seks år no. Det første kullet fekk ho våren 2003. Då ho fekk dei fem første kattungane, var det stor stas i heile storfamilien. Alle kom på besøk, tok bilder og til og med filma...... No er det ikkje så kjekt lenger, og vi har bestemt oss for at dette definitivt er det siste kullet hennar. Så snart ho er klar for det skal vi til dyrlegen og få gjort eit lite inngrep.
Saman med Hermine og dei søte små, ligg Ronja som blei født i fjor sommar. Ho er tatt inn i varmen igjen no i høve fødselen. Kattemora har prøvd å bli kvitt den vaksne dattera si i fleire månader, knurra og frest til ingen nytte. Dette har vore litt trist for Ronja, så no er ho kjempelykkeleg over å ha blitt tatt til nåde igjen. Ho ligg i kattekorga saman med mor og småsøsken og kosar seg heile dagen!
*****
Eg kjem tilbake med eit innlegg seinare i kveld med resultatet på GIVEAWAY'en.

7 kommentarer:

Hildegard sa...

Gratulerer! Dette såg koseleg ut.
Eidabesta.

anne from finland sa...

Grattis! Så fina kattungar ni har fått!!!

Besta sa...

Far din har kanskje fortalt deg om den spesielle katten vi hadde då vi budde på Plassen? Trille.Ein gong hadde ho fem store ungar som ho begynte å bli svært avvisande mot. Så fekk ho sju nye!! Og dei fem store vart tekne inn i varmen igjen, då dei nyfødde forsvann. Eg er veldig glad i kattar, men tida med husdyr er over for oss. Her er rikelig kattar i nabolaget!

solveig sa...

Nydelege kattar. Eg hugsar godt den spesielle frå i fjor.
Eg brukar å seie at vi lærarar er som kattemødre, vi må kvitte oss med eitt kull før vi får det neste....

Lappetausa sa...

Dette var eit kjempekoseleg bilete. På tide med eit lite inngrep, ja, stakkars kattemor!

LeKaQuilt sa...

Noe så nydelig! Elsker dyr og spesielt katter. Har selv en exotic perser, som lyder navnet Puselusken. Koseligt bilde. Ha det kos med de små.

Lena sa...

For et herlig bilde av nydelige pusekatter! :o) Ha en flott helg videre!