20 januar 2009

Ny president og nytt strikketøy

Eg var innom ein garnbutikk i dag og det var visst ikkje så lurt, for jammen blei eg freista til å kjøpe både mønster og garn......
Det verste er at eg er litt usikker på heile prosjektet. Eg syntest denne nye gråblå Sisufargen var så kjempefin, og måtte berre ha den! Men etter å ha strikka litt, synest eg det ser litt trist ut. Planen er å ha ein kontrastfarge på stolpane, kanskje sjøgrønn... Kva trur de? Skal eg bytte garnet i noko sprekare, til dømes den som er avbilda i mønsterheftet?
I høve innsettinga av den nye presidenten i dag, fann eg fram eit bilde frå sist sommar. Dei to yngste gutane mine og eg sit framfor "The White House". Vi ser litt rare ut, men det er vel fordi vi myser mot sola, og eigentleg er litt slitne pga. varmen. Vi hadde tatt toget frå New York, og budde på eit hotell i gåavstand frå presidenten sin bustad. Dagen etter såg vi heile byen frå taket på ein turistbuss. Veldig interessant, men varmt!

7 kommentarer:

Synnøve Olava sa...

Heisan!
Syns fargene er flotte og tror det blir fint med sjøgrønnt, evnt. en ganske mørk oransje farge på stolpene. Det blir litt hva man liker...

Jeg har også lyst til å reise til Washington, egentlig har jeg lyst til å dra på en skikkelig rundreise "over there"... Var i Los Angeles for 3 pr siden, og det ga mersmak!

Håper du får en fin dag!

xoxo

Solveig sa...

Tror nok det blir ei fin jakke når du får inn en farge på stolpene. Du kan jo heller velge en sprek og iøynefallende farge der - det tror jeg hadde blitt stilig.

Turid sa...

Trur ikke det går an å gå innom en garnbutikk uten å komme ut med littgarn i handleposen, det er ihvertfall problemet mitt.
Synes det er vanskelig å gi deg råd om fargene, det kommer veldig an på fargene til brukeren, synes æ.
Du får kjenne litt på hva du sjøl vil...
En fin onsdag til deg!

Bea sa...

Synes du skal gå for dei fargane du har starta på, eg.. Og oransj eller sjøgrønn blir veldig flott! :)

Aid sa...

Jeg synes fargene du har begynt med ser flotte ut jeg. Ta med deg strikketøyet til garnbutikken og prøv å sammenlign med en kontrastfarge til stolpene... Kanskje du ender opp med en farge du ikke har tenkt på i det hele tatt... jeg liker veldig godt lime grønt eller lilla/cerice :) Blir artig å se hva du velger, flott blir det sikkert uansett!

Hildegard sa...

Kan godt forstå at du blir freista i garnbutikkane, litt utskeiingar må du vel kunne unne deg, du brukar vel helst lite pengar på deg sjølv, og det er nyttige ting du lagar. Du får gje kleda du strikkar til dei fattige når dei blir for små for vesleguten. Godt at de fekk gjort unna USA-turen før finanskrisa slo til, må vere artig å sjå TV og tenkje på at der var de i sommar.
Eidabesta

[morgrethe] sa...

Ååååå... det var fine farger!

Blir fint å se den ferdig. Gleder meg.