13 januar 2009

Krage igjen....

Eg har strikka nok ein grå halsvarmar, også denne gongen hermar eg etter Bente B.
Enklare og raskare kan det ikkje bli. La opp 25 masker og strikka til garnet, to nøster Eskimo frå garnlageret mitt(!!), var oppbrukt. Det tok ca. ein time medan eg såg på Berlinerpoplane i går. Det som gjer denne halsen så artig, er måten den er sydd saman på! Eg gjorde som Bente og sydde på ein knapp til pynt.

Eskimo er eit herleg garn, som også er kjempefint til toving.
Denne kragen er skikkeleg god og varm!

This is my second neck-warmer this year.
Making it was very easy, and didn`t take any time at all!

7 kommentarer:

Elin "The quilt maiden" sa...

Artig krage! No har du vel brukt opp 150 - 200 g av garnlageret i det nye året?

Mariann S sa...

Kjempeflott hals.
Eg har fulgt med i bloggen din ei stund.
Oppdaga den via ElinG sin blogg.
Det ligg ein bloggutmerkelse til deg i bloggen min.
http://mariann08.blogspot.com/

Mariann S sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Mariann S sa...

Eg beklager, men kommentaren kom to gongar, derfor vart den eine sletta :-)

MagFly sa...

Artig den der. Har du sett den siste kragen hos Yarn Harlot? Det kjem visst mønster :-)

Maret sa...

Den halden var verkelig stilig. Denne kjem eg nok til å kopiere, og så flott med ein pynteknapp på..

Takk for ideen...

Synnøve Olava sa...

Nyyyydelig.., så enkel og flott!

xoxo