08 oktober 2008

Tur til Sunnfjord

I dag var eg ein tur til Førde saman med systra mi og jentene hennar. For ein gongs skuld var ikkje eg sjåfør, så eg kunne knipse bilder gjennom bilglaset i staden for......
Her er vi på veg heim i femtida. Det er vakker natur langs Jølstravatnet, ikkje rart Nikolai Astrup blei inspirert til å male her.

Våtedalen.

Her traff vi på ein flokk geiter i vegbana.
Ikkje uvanleg, men greit når ein er førebudde på det!

7 kommentarer:

Elin sa...

Very nice, even in grey weather!

Besta sa...

Denne vegen har eg reist utruleg mange gonger, første gong i 1959. Men eg skal seie vegstandarden har endra seg sidan den gongen! Ikkje minst i Våtedalen.

LilleMø sa...

Vi rakk jammen over mykje på kort tid!:-)

Orlaug sa...

Hei!
Kjekt å sjå at de har vore på Førdetur. Skulle gjerne vore der ein tur sjølv....er oppvaksen der, reiste derifrå for godt over 30 år sidan.( til nabofylket i sør) Etter at mor mi døydde for snart 6 år sidan, har det vorte færre turar. Har tre syskjen som bur der, so eg har mange å besøkja..

Hildegard sa...

Vakre fotos, sikkert nokre motiv som kan lagast måleri av.

Two sa...

Flotte bilder av kjend natur, som alltid er like vill og vakker. Ser bilde av ein bil foran, er det meg skal tru??? Eg var der eg også ein tur, målet mitt var nok annleis enn ditt, og kjapt: kjeveortopedbesøk med den minste Julianngutten!

Anonym sa...

Ja der har eg kjørt mange ganga. Gjekk på Solvang i 1981 :)
Ha ei fin helg.
Klem.