13 oktober 2008

Adventskalendar og god bok

Eg fekk ikkje gjort så mykje husarbeid som eg hadde tenkt i haustferien, men eg fekk da gjort forskjellig anna. Blant anna jobba litt med dei to juleprosjekta mine. Adventskalendaren til AnnaKa er ferdig applikert, manglar berre å sy rundt alle delane. Eg tenkte litt på å gjere dette for hand, men etter at eg blei fortruleg med applikasjonssaumen på maskina mi igjen, bestemte eg meg for å sy på maskin. Trur det er større sjans å bli ferdig i år då, sjølv om det er fint med handsaum.

Denne adventskalendaren er eit prosjekt for dei som er veldig glade i å applikere, og det er for så vidt eg. Synest dei fire nissebarna er kjempesøte!
Eg har dessutan klart å fullføre ei bok. Dette er ei lettlest, kjekk og annleis krimbok som eg vil anbefale. Den handlar om ei afrikansk kvinne som startar eit detektivbyrå når faren dør og ho arvar pengar etter han. Små artige historier frå afrikansk miljø, og ein hyllest til Botswana.

8 kommentarer:

solveig sa...

Vi var enige på jobb om at vi ikkje skulle planlegge for mykje for ferien, for vi veit korleis det går..... Det er viktig å kose seg med ting ein likar å gjere, slik at ein held til jul.
Boka har eg sett på biblioteket, så eg tek med meg tipset!

ELIN - "The quilt maiden" sa...

Denne adventskalendaren er berre nusseleg! Du har no fått gjort ein heil del, då...

ariel sa...

Eg har lese boka, og likte den. lett lesestoff, for å seie det slik, men morosamt å lese om Afrika

Mariann S sa...

Det blir en flott adventskalendar :-)

[morgrethe] sa...

Hallo

Her er det juleforberedelser ser jeg. Kalenderen blir kjempefin.

Jeg begynte på et sjal i kveld, tenkte det skulle bli julegave til ei venninne. Er ferdig med ett, men får jo ikke blogget dem siden de snuser inne på bloggen min. Får vise de i romjula.

Damenes detektivbyrå nr. 1 leste jeg i sommer. Lettlest ja, og det er deilig. Men den beste boka jeg har lest i år er "balansekunst", den festet seg til sjelen min. Anbefales virkelig.

Trollkåno sa...

Den adventskalendaren er kjempefin. Har kjøpt mønsteret, men er ikkje komen i gang. No er det produksjon til julemesse som tek tida..
..bøker kan eg ikkje uttale meg om, lite lesing her...

Hildegard sa...

Av erfaring veit eg at det meste ordnar seg/blir gjort, berre ein tek tida til hjelp. Las forresten nokre gode råd her ein dag:

Gjer noko hyggjeleg kvar dag - sjølv om du eigentleg ikkje orkar.

Tenk på det du får til i staden for alt det du ikkje får gjort.

God veke! Mamsen

Besta sa...

Gode råd frå Eidabesta, men ikkje så lett å få det til alltid!
Eg har lese ei av bøkene om damenes detektivbyrå. Lett underhaldning for stressa folk! Eg treng noko å bryne meg på-eg som ikkje gjer så mykje anna. Så eg står over resten, trur eg. Dessutan er dei ikkje på lydbok.