05 oktober 2008

Definitivt haust

I dag var vi på fin tur i skogen og hadde både bål og pølser, men veret var skikkeleg haustleg, med både vind og regn. Vi kan dessutan sjå nysnø på fjelltoppane om morgonane, så det er definitivt haust no....
Likevel går kalvane ute, og kjekt er det. Ein nabobonde har ein flokk kalvar gåande på marka ovanfor huset vårt, og dei er så kjempesøte! Minstemann omtalar dei som våre kalvar, og vil ikkje høyre snakk om noko anna...

5 kommentarer:

Besta sa...

Eg synest det er så kjekt når vi er på biltur å sjå beitande husdyr på bøane. Det er liksom så trygt og godt å sjå at somme ting er som dei har vore.Og kalvane er "søte" som dei fleste dyre-og menneskeungar er.

ELIN - "The quilt maiden" sa...

Einig med besta!

ariel sa...

Då eg var ute og gjekk i går, møtte eg ein flokk med nydelege sauer i diverse fargekombinasjonar. Dei var veldig ivrige etter å helse på både meg og hunden. Etterpå gjekk eg heim og åt fårikål.

Besta sa...

Eg speidar alltid etter lama når eg ser flokkar med sauer. Det syntest eg var så artig då vi for over Hemsedalsfjella-at der var ein og annan lama i lag med sauene. Dei skal visst vere flinke å skremme vekk ulv.
Sauen GIR oss ull og kjøt-meir eller mindre frivillig!

Hildegard sa...

Merkeleg når ein kjem i mørkna og ser husdyr ute på denne årstid, nesten nostalgisk.
Mamsen