26 oktober 2008

Kurs med Patricia Iden

Denne helga har eg vore på kurs med Patricia Iden.
Det er faktisk to år sidan sist eg var på eit lappeteknikk-kurs,
så det var vel på tide...
Vi fekk blant anna lære å sy stitchery på maskin.
Her demonstrerer Patricia dei ulike saumane ho brukar.
Patricia hadde sydd denne løparen som vi fekk mønster til.
Døme på korleis det ser ut med maskinsydd stitchery med
Lenes silketråd.
.....Eller korleis det kan sjå ut, etter mykje trening sikkert.......
Desse englane er også sydde av Patricia på maskin!

Dei som ville kunne begynne på denne julegardinkappa, som ho kallar "Skomakargata".
Den er satt saman av mange ulike hus. Masse koseleg applikasjon!
Patricia si kappe er over to meter og kjempeflott!
Her er modellen på det første huset som heiter "Klinkekulehuset".
Og her er "Klinkekulehuset" mitt.
Det manglar berre litt applikasjon, før eg kan begynne å sy på maskin.
Eg fekk ikkje produsert så mykje meir enn dette, men eg lærte mykje nyttig om symaskina mi.
Begge dagane åt vi herleg lunch på hotellet, så det var sosialt og kjekt og!
Elin hadde med dei to bøkene som ho kjøpte til meg i Bergen sist helg!!

6 kommentarer:

Husflidstausa sa...

Ser ut som eit kjekt kurs. Stitchery på maskin hadde kanskje eg også likt. Eg har vore på Eid på kurs også denne helga. På Bryggen hotell og sydd hardangersaumhjerte, kjekt.

ELIN - "The quilt maiden" sa...

Du har laga eit flott innlegg, trur eg berre linkar til deg når eg skal fortelje om kurset...

Trollkåno sa...

Ååå, detta såg kjekt ut....hadde vore kjekt med eit sykurs.
Og so fine ting du har sydd...heilt nydelege....
Ha ei god (sy)veke!

STRIKKEMOR(O) sa...

Etter den siste kommentaren har eg skrive litt meir utfyllande, slik at det ikkje skal framstå som om det er eg som har sydd desse fine tinga som eg viser fram her. Så flink er eg ikkje!

Besta sa...

Mange fine ting ein kan lage med stoff, symaskin etc., men ikkje noko for meg.I dag var eg innom strikkebutikken og skulle kjøpe meir sokkegarn, der var nesten tomt. Eg spurde om ho ikkje kunne ta inn Opal-og då spurde ho meg etter leverandør. Eg kunne ikkje svare, men bad henne søke på nettet.

Elisabeth sa...

Så mye nydelig! Det er nok morsomt å være på et slikt kurs....