06 oktober 2008

My Room...

Eg er einaste "jenta" i huset, og har mitt eige rom der eg kan "trekke meg tilbake" når det blir for mykje fotball, spel, actionfilmar mm. Elles og, for så vidt......
Det er haustferie og eg har fått rydda litt her. Eg har to bord, eit skrivebord på 2 meter og eit gammalt kjøkkenbord frå 60-talet, som også blir ganske langt viss ein legg i ei ekstra plate.
Eg kjøpte meg ei ny bokhylle i forrige veke, og då måtte eg ommøblere litt. Eg skulle gjerne ha malt både veggar, karmar og lister - men det blir nok ikkje gjort med det aller første.........
Har begynt på adventskalendaren til AnnAKa, og bitane ligg litt "hulters til bulters" etter ryddesjauen.
Strikkegarnet mitt! Gid eg kunne seie at dette var alt.....

2,4 meter med hobbybøker.... Lucky me :-)

8 kommentarer:

Elin sa...

Så kjekt å sjå bilete frå nyopprydda rom! Kor mykje skal du ha for å ta mitt syrom og? Vel, Berglind frå Island har tilbudt seg, men det var sjølvsagt berre k...
Kjem og syr i mårå!

Besta sa...

For eit flott rom! Og sånt godt system og slik god orden. Eg har alltid vore flink til å sette ting i system og å rydde. Men kor lenge varer det før alt er kaos igjen? Ikkje lenge! Men det er no godt å ha eit rom til tinga sine-eit rom der ein kan late att døra og ev. låse om det skulle trengast!

Orlaug sa...

Der var det system i sakene, ser eg. Og so god plass du har...
eg har eit bitte, lite rom, men likevel glad eg har mitt eige...
Ha ei fin veke!

solveig sa...

For nokre flotte system du har laga! Eg høyrer til dei kjem til kort når det gjeld orden og system. Trøsta er program som "Ryddige hjem" der folk er verre.......

Hildegard sa...

Eg har hatt gleda av å sjå rommet i dag. No har du fått skikkeleg dreis på det.
Mamsen

Cloudberry sa...

For et koselig rom du har!

Sigrun sa...

Så flott rom du har, og for en orden. Godt å se at det er flere som har et bra lager av diverse "matrialer".

Litamora's Quilt & Design sa...

Skulle ønske mitt var like ryddig... Du har et flott syrom! Du lager så masse fint. Kommer definitivt tilbake på visitt til deg:-)
Lappeklem