03 oktober 2008

Hals i alpakka

Då eg skulle strikke skjerfet i innlegget under, måtte eg leite etter pinne nr. 6. Den fann eg til slutt i bruk på denne halsen i Misti frå DSA, som eg begynte på i fjor haust/vinter. Det var raskt gjort å strikke den ferdig. Lærte meg ein ny smart måte å hekle blomster på også. Eigentleg skulle det vere fire blomstrar, ein på kvar spiss, men eg synest det er nok med ein framme.
Her kjem mønster på superenkel blomst:
Stor blomst: Legg opp 7 lm og fest dei til ein ring med ei kjm i 1. luftmaske.
1. rad: *hekle 30 lm, 1 fm rundt ringen* Gjenta 19 gongar.
Liten blomst: Legg opp 5 lm og.....
1. rad: *hekle 22 lm, 1 fm rundt ringen* Gjenta 11 gongar.
Sy dei saman og pynt med anten perler eller knapp :-)
(Eg har brukt tynn alpakka, og då snurra garnet seg fint. Har ikkje prøvd andre garntypar.)

7 kommentarer:

marit sa...

Kjmpefin Hals!
Ha ei flott helg, og så har du vel litt høstferie også?:-)

Elin sa...

Så bra! Du er no ganske genial, då... Er spent på å sjå opprydda syrom + garnlager m.m.

Anonym sa...

Hei! Fin hals du har strikka, kan bli god på kaldare dagar. Takk for gratulasjonen, syns eg var heldig. God helg og ferie!

Timotei sa...

Kjempefin hals og nydelig skjerf i forrige innlegg også! Jeg har også fått litt strikkedilla for tida. Det er travle dager på jobben og da er det godt å kunne slenge seg ned foran Tv'n om kveldene med et strikketøy. Det blir liksom litt mere tiltak å sette seg ved symaskina. Jeg har også funnet fram alpakkagarn. Kjøpte en del på salg i sommer. Fant ei fin oppskrift på babyjakke på Drops sine sider som jeg bare må prøve ut.
Ønsker deg ei fin helg!

Besta sa...

Den blålilla fargen som er på halsen, er den finaste eg veit, den eg kler best, for å seie det slik.Slike halsar er veldig praktiske, men ikkje så mykje for dei som held seg mest innadørs.Men kanskje eg strikkar ein slik ein vakker dag?

arieldog sa...

Den blomsten var utruleg effektfull! Fin knapp òg.

Solveig sa...

Flott hals. Den blomsten må prøves. Har en award til deg i bloggen min. Ha en fin uke!