27 juni 2008

Sommarsyslar....

Onsdag var eg på besøk hos Lappetausa. Der fekk eg eit lite kurs i "finare hekling". Dei siste åra har eg hekla ein del (tepper, vesker o.l), men alltid med tjukt bomullsgarn eller ullgarn. No var det på tide å prøve det tynne heklegarnet på tynn krok. Det gjekk ganske bra, takka vere eit enkelt mønster og god rettleiing frå Lappetausa.
Her er mi første brikke!
I går var eg på litt garnshopping igjen med den same dama! Det enda opp med eit nytt prosjekt. Lappetausa meinte det var på tide vi prøvde det såkalla "Raspberry Chevron Afghan-mønsteret".
Det er veldig moro og enkelt å strikke, og ikkje så travelt for hendene heller når ein strikkar med lett finullgarn på bambuspinnar. Men om det blir eit stort teppe på meg, tvilar eg på. Trur kanskje eg strikkar eit vognteppe.....

7 kommentarer:

Elin sa...

Jøss, her får ein ting unna! No ynskjer eg dokke ein kjempefin ferie i USA!!! Take care!

Elin sa...

Brikka di blei heilt nydeleg. Klokt val å lage den i kvitt!

Besta sa...

Eg får SÅ lyst å strikke! I dag har eg fått sprøyte i skuldra, så kven veit?
Første gongen eg skulle hekle begynte eg på eit sengeteppe like godt-det blei faktisk ein duk! Elles har eg mange ting som mamma hekla! Det sleng vel litt av arbeida hennar andre stader også. Og kanskje oppskriftene hennar finst?

Besta sa...

Gløymde å skrive at det var ein søt serviett du hadde hekla!

Hildegard sa...

Ja, Strikkemor får ting unna - når ho set i gang. I dag er H+O+dei to yngste på veg til Flesland, fly via Reykjavik til New York i ettermiddag. Vonar det går bra.
Dei to store-gutane som er heime, har besteforeldre både på Os og i Alleen som kan fore dei! Begge har sommarjobb i YIT så tida går nok fort. Eidabesta

Maret sa...

Den var riktig fin, dette fiksar du flott.
Å hekle, lite eller stort, er skikkelig moro....
Ha ein fin sommar.

Anonym sa...

Heisann. Innom med en god helg klem :) Ser ut som at vi syssler med det samme om dagen..