26 juni 2008

Mimring

Då eg hadde bursdag for litt sidan, sette ei av kusinene mine dette bildet inn på bloggen sin. Det viser systra mi, Lillemø, og eg på besøk hos kusina vår og familien hennar på Sunnmøre. Vi hadde då som no, ofte med oss eit handarbeid når vi var på besøk hos familie og vennar. Og her sit vi då svært så tekkelege i sofaen på ungdomsrommet med kvart vårt arbeid (eg til høgre). Legg merke til strikkajakkene som vi hadde over skuldrane, ikkje noko tull... Dei var nok strikka av mora vår, og som alltid strikka ho blått til meg og rødt til systra mi . Elles var visst moten pologensar og skjortebluse, og jeans sjølvsagt.... Eg er ikkje sikker på når bildet blei tatt. Men det er truleg seint på 70-talet. Kanskje 1979 eller 1980. Kanskje fotografen eller Lillemø hugsar?

5 kommentarer:

Besta sa...

Eg hadde ikkje sett dette bildet før det kom på bloggen til Solveig. Synest det er heilt kostelig! Snakk om prektige ungdommar!!!Kor mange jenter på denne alderen sit og strikkar no for tida, tru?

solveig sa...

Ikkje mange....
Eg har eit bilde av meg sjølv i same positur. Då har eg same sveis som då eg vart konfirmert i-78.

Hildegard sa...

Ser at Strikkemor ikkje har briller, var du byrja med linser då eller fekk du briller seinare?
mamsen

Ingrid! :D sa...

HAHAHAHAHHAAHHA!
Må le når eg ser dette bilde! SJÅ PÅ MAMMAAA! XDDD

herligheet assoo ;D

Timotei sa...

Herlig bilde! Hadde lignende sofa på rommet mitt jeg også.Store orange blomster på brun bunn. Lekkert ja! Husker jeg syntes den var sååå fin. Vi kalte dem Happy-møbler og jeg hadde pult og hylle i samme stil også. Rommet mitt var malt orange og så hadde jeg irrgrønne gardiner. Herlighet... Og polojumper med skjorte over, husker det også ja. Og strikketøyet...strikket dukkeklær og babyklær og flere gensere til meg selv allerede før jeg var ferdig på barneskolen...Oi, dette ble mye mimring...tankene flyr når jeg ser det artige bildet ditt!
Koselig innlegg!