27 februar 2008

Strikkemor(o) på kjøkkenet.....

Det enkle er ofte det beste.... I dag baka eg bollar etter oppskrifta bak på mjølposen. Dei blei kjempegode!! Må legge til at eg brukte margarin og ikkje olje, og litt kaffifløyte blanda med vatn, i mangel på melk! Brukte også gjær for søt deig. Kardemommen droppa eg, synest kardemommemengda er altfor stor i dei fleste oppskrifter! Kva seier dei andre Mat og Helse- lærarane? Eg må innrømme at sjølv om eg underviser i dette faget i år, ikkje har det med i utdanninga mi....og ikkje er eg spesielt flink til å lage mat heller. Men eg likar mat, og visse personar her i huset påstår at eg tenker på mat heile tida.....hmmmm.....Men med mann og fire sønner på 4, 12, 17 og 19 år, er kanskje ikkje det så rart heller, for det blir faktisk ein del matlaging!!


Når eg først er på kjøkkenet, vil eg vise fram desse fine gryteklutane som ei av tantene til mannen min har strikka. Ho masseproduserte desse i mange år og gav vekk til slekt og venner. Om ho fortsatt strikkar, veit eg ikkje. Ho bur i Kristiansand og nærmar seg 90 år. Gryteklutane er strikka dobbelt og etterpå er det hekla på ein kant rundt og hemper. Kjempefine og gode å bruke og!

13 kommentarer:

Elin sa...

Bollane ser førsteklasses ut! I dag laga vi prinsessepudding på mat og helse, det må du prøve, med mandelessens! Kjempegodt!

solveig sa...

Flotte bollar!Olje høver til sitt bruk, dvs. grovbrød. Eg har gått over til smør i kaker og bollar. Synest også at raud gjær gjev bollar eit ekstra løft.

Besta sa...

Gjærbakst er godt og lettvint. Då eg dreiv med kjøkkenundervisning hadde vi mange ulike slags gjærbakstar. Og så hadde vi eksamen etter ein periode.For som eg sa til elevane:Her kan ein verkelig spare pengar i staden for å kjøpe på butikk.Dessutan er gjærdeigen fin å jobbe med.Har du prøvd å lage kaldheva gjærdeig om kvelden og sette kaldt over natta? Det brukte eg å gjere med dei minste elevane, då slapp ein kliss og mjølsøl. Berre prøv!

Anonym sa...

Du overraskar stadig, men så har du eit triveleg kjøkken med nydeleg utsikt til elva, endene og fjella i nord. mamsen

marit sa...

Det så så godt ut at jeg allerede har satt deigen...det er moro å bake, men jeg er glad jeg ikke er lærer i faget(selv om mat og helse er blant ungenes favorittfag på skolen!)
Flotte grytekluter også:-)

Fingerbølla sa...

De bollan så veldig goe ut, blei kaffetørst:)
Legger deg til min bloggliste og håper at der er greit??
Tjohei

Two sa...

Ja bollar er god mat for glade gutar, hos meg går dei unna når eg lagar ein sjelden gong!

Marie sa...

Bollene ser veldig gode ut!
Fine gryteklutar!

[morgrethe] sa...

Mmmmmm.... nammi... de bollene så gode ut. Guttungen skal ha noen klassekompiser med hjem i morgen... kanskje det er boller jeg skal bake. Koselige grytekluter:o) I morgen er det helg igjen... til og med for en mat og helse-lærer med fire barn:o) God helg!

Timotei sa...

Bollene ser kjempegode ut. Jeg er ikke så veldig glad i å lage mat, men baking er gøy! Nydelige grytekluter også. Imponerende arbeid av en gammel dame!

Anonym sa...

Heisann. Innom og titter, og for å ønske deg ei god helg :)
Ronille

Solveig sa...

Der ble jeg jammen sulten. Likte godt gryteklutene også. Kanskje det var en ide til bomullsrestene.

Anonym sa...

Mmmm...de bollene så kjempegode ut! Jeg har også et par grytekluter laget etter samme prinsippet og liker de såå godt.
Ønsker deg en god helg :o)