26 februar 2008

AnnAKa-pose

Søndag fekk eg sydd denne AnnAKa-posen med plastvindauge. Eg kjøpte mønster hos Ingun på fredag, så dette var raskt levert for å vere meg! Det var veldig kjekt og lærerikt å følge mønsteret punkt for punkt. Denne posen kan ein faktisk sy utan ein einaste handsaum. Eg har brukt blomstrete Amy Butler og einsfarga Kaffe Fassett-stoff.
Slik ser posen ut utan noko i.
Eg hadde berre ei handkleklype til å feste i nedbretten oppe på posen, så i dag var eg innom Libris for å kjøpe ei dokumentklype av typen som AnnAKa har brukt! Kult, hadde aldri kome på dette sjølv! Eg har fylt posen med glidelåssamlinga mi. No har eg planar om å sy mange fleire posar av denne typen..........

7 kommentarer:

Anonym sa...

Kjempefin pose. Sikkert kjekt å sitje på syrommet no når du har TV med dvd og har rydda så fint - for ikkje å snakke om utsikten!
mamma

ELIN - "The quilt maiden" sa...

Å, no blei eg imponert! Kjekt at du har fått sylyst på det fine rommet ditt!

marit sa...

Stilig! Den så kjempelur ut! Skal til Eid på lørdag-blir alene der i 4 timer-o lykke-*ler*- kanskje jeg omsider må kikke meg innom hos Ingun...

Anonym sa...

Kjempe fin pose. Utrulig så tålmodig du er med teppet ditt, eg er imponert! Ha en fin dag.
Ronille

Felisi sa...

Så flott pose! Smart med vindu så man kan se hva som er inni.

Felisi sa...

Så flott pose! Smart med vindu så man kan se hva som er inni.

Fingerbølla sa...

For ei dame...du har jammen nok å henge fingrene dine i. Koselig blogg:) tjohei