03 februar 2008

Alle gode ting er tre.....

Denne veka har eg strikka ferdig desse Opalsokkane som eg begynte på i fjor sommar. Str. dame. Sokkane var 75 % ferdigstrikka, så eg er ikkje så produktiv som det kan sjå ut til på dette innlegget.
Eg har også strikka ferdig to par med tjukkelabbar i "LØVE RAGSOKGARN" som eg kjøpte på Sandane i fjor. Dette garnet er tjukt og eg har brukt pinnar nr. 4. Det blå er str. 28/29 og det lyse str. 38. Veldig mjuke og gode sokkar!

5 kommentarer:

ELIN - "The quilt maiden" sa...

Det mjuke sokkegarnet må eg prøve, eg satsar på butikken på "hjørnet" du veit!
Ha ein fin strikkesøndag, då!

Anonym sa...

Dokke fryser ivertfall ikkje på beina i Nordfjord men den produktiviteten din :) Eg sitter med for lite garn på nesten alt eg holder på med i dag, får innvadere Nettstrikk etter jobb i morga, så eg får ut av fingrane et par prosjekt. Ha en fin kveld :)
Klem fra Ronille

Besta sa...

Forstår ikkje korleis du får til å begynne på noko nytt så lenge du held på med eit lestepar?Eg har det motsette problemet: Lester skal bli fort ferdig! Så då strikkar eg for mykje og får vondt både her og der. No held eg på med eit par tynne herresokkar i Regia, blå,grøne og brune fargar. Har strikka dei rosa "Yarn over cable" ferdige for lengst.Dei gikk til Hareid.Har strikka i Løwe også, men eg tykte dei vart så slappe i konsistensen enda eg brukte tynnare pinnar.

Hege sa...

Flott farge på opal sokkene. Du er jammen produktiv :)

Marie sa...

Du seier at du er ikkje så produktiv som det ser ut til. Eg synes iallefall du er produktiv. Håpar at dei som får sokkane veit å sette pris på dei!
Tjukke sokkar er noko av det kjekkaste eg får. Brukar det i arbeidet kvar einaste dag. Eg er så heldig at eg får heimestrikka sokkar hos både mor og svigermor. Dei mor strikka er ekstra tjukke og gode.

Kos deg vidare med strikketøyet :)