04 august 2007

To grøne prosjekt!

Inn i mellom alle småprosjekta mine, har eg starta på to større arbeid. Det som er litt moro er at begge er grøne (mosegrønne til og med...). Eg trur eg er komen i hauststemning etter det dårlege vere denne veka! Hos Ingun på Primula Design kjøpte eg tre stoffbitar som eg skal ha som utgangspunkt til AnnaKa sin duk, tante Mia. Mønsteret har eg hatt i neste eit år.....
Denne gensaren har eg gått og sikla etter i eit par veker! Var på to garnbutikkar i Volda/Ørsta som ikkje hadde den rette grønfargen, men fekk til slutt tak i fargen på Mega på Eid. Det er Jubileumsgensaren til Norges Skiforbund (100 år i 2008!!), og eg synest han er kjempefin og enkel. Har til og med raglanfelling! Eg strikkar til sonen min på 12 år. Eg måtte overtale han til å la meg strikke ein gensar til han......

3 kommentarer:

Marie sa...

Knallfin genser! Eg har kikka gjennom deler av bloggen din. Mykje fint!
Du hadde eit sitat som du lurte på om stemte. Slik lærte eg det av far då eg var lita jente; Aften rød, morgen sød. Morgen rød, kvelden blød...Det stemmer som oftast...trur eg...
Velkommen innom min blogg om du har lyst. God søndag :o)

Elin sa...

Så fint du har rydda i sida di! Gledar meg til den duken, du.... Veldig fint med bilde av ufo-prosjekt i sideelement. No er klokka 2 på natta, bør vel køye, har hatt kjempekos besøk.

Anonym sa...

Spennende grønne prosjekt du har på gang nå! Lenge siden jeg har strikka gensere til guttene mine. Fikk veldig lyst til å gjøre det nå etter å ha sett den fine genseren du holder på med. Og ranglanfelling, det liker jeg. Greit å slippe å montere inn ermene etterpå.
Og så til det du spurte meg om: Jeg handler fra katalog hos Stoff og Stil. Er veldig fornøyd med å handle der. Billig og bra!
Ha en fin søndag.