15 august 2007

Rocin' Girl Blogger

Eg er blitt nominert til Rockin' Girl Blogger av Tirilsol! Takk for det, veldig koseleg! Og no skal visst eg nominere fem andre bloggarar. Mine fem blir då:
Bente B som har ein fantastisk inspirerande blogg for dei som likar strikking. Ho er så flink til å finne mønster, som i utgangspunktet ser ganske ordinære ut, og gjere produktet om til noko heilt spesielt ved hjelp av garnval, fargeval, kvaliteten på arbeidet og måten ho fotograferar på. Ein slags trendsettar! Ho har fått meg til å bestille både mønster, bøker og garn frå utlandet.
Timotei som har ein kjempekoseleg blogg og syr stilfulle og flotte ting! Inspirerande! Eg har skaffa meg mønsteret på nåleputa hennar og kjem til å sy den snart, håpar eg!
Tone M har ein koseleg og humorisktis blogg. Det er alltid kjekt å lese innlegga hennar som heldigvis kjem ganske tett! Ho strikkar mykje fint og spanande!
Marias Hobbysida var ein av dei fyrste bloggane eg byrja å lese for halvanna år sidan. Ho er svensk og driv nettbutikken Garnkorgen. Det er høg kvalitet over arbeidet hennar. Strikkar veldig mykje fint!
Til slutt vil eg nominere ein medbygding, nemleg Haldis Quilteblogg. Ho både heklar og syr (strikkar kanskje litt og?). Bølgeteppet hennar blir kjempefint! Ho har full kontroll på symaskina si! Eg synest det er flott at så mange "vaksne damer" er blitt hekta på data og blogging! Sjølv har eg lært mykje og håper på å lære meir!

2 kommentarer:

Haldis sa...

Tusen takk, eg føler meg æra.Har prøvd det meste innen håndarbeid.Og strikke skal eg gjere når eg blir bestemor.Det nye "redskapet" data skulle eg ikkje prøve, men kven er meir nerd enn eg no. Ha ei god helg.

Timotei sa...

Å, så artig at du tenkte på meg! Tuuusen takk!