28 august 2007
Strikkemor(o)`s lille røde....

24 august 2007
Sabeltann
Minstemann fekk seg Sabeltannhatt i dag, og hatten var ikkje av hovudet før guten kom i seng!
Elles er det veldig populært med Cars for tida! Samlinga veks, men dessverre er Lynet McQueen borte vekk. Kanskje dukkar han opp etter laurdagsvasken i morgon? Eg ser etterkvart eit stort behov for ein pose eller veske til desse bilane, så kanskje det blir det neste syprosjektet....

Hekla ullduk
Skulestart og fredagskos
15 august 2007
Rocin' Girl Blogger
Eg er blitt nominert til Rockin' Girl Blogger av Tirilsol! Takk for det, veldig koseleg! Og no skal visst eg nominere fem andre bloggarar.
Mine fem blir då:
Bente B som har ein fantastisk inspirerande blogg for dei som likar strikking. Ho er så flink til å finne mønster, som i utgangspunktet ser ganske ordinære ut, og gjere produktet om til noko heilt spesielt ved hjelp av garnval, fargeval, kvaliteten på arbeidet og måten ho fotograferar på. Ein slags trendsettar! Ho har fått meg til å bestille både mønster, bøker og garn frå utlandet.
Timotei som har ein kjempekoseleg blogg og syr stilfulle og flotte ting! Inspirerande! Eg har skaffa meg mønsteret på nåleputa hennar og kjem til å sy den snart, håpar eg!
Tone M har ein koseleg og humorisktis blogg. Det er alltid kjekt å lese innlegga hennar som heldigvis kjem ganske tett! Ho strikkar mykje fint og spanande!
Marias Hobbysida var ein av dei fyrste bloggane eg byrja å lese for halvanna år sidan. Ho er svensk og driv nettbutikken Garnkorgen. Det er høg kvalitet over arbeidet hennar. Strikkar veldig mykje fint!
Til slutt vil eg nominere ein medbygding, nemleg Haldis Quilteblogg. Ho både heklar og syr (strikkar kanskje litt og?). Bølgeteppet hennar blir kjempefint! Ho har full kontroll på symaskina si! Eg synest det er flott at så mange "vaksne damer" er blitt hekta på data og blogging! Sjølv har eg lært mykje og håper på å lære meir!

Paradoxical Mittens

Mønster kan kjøpast her.
Online-sokkar

14 august 2007
Strikkeveske

Eg har lenge tenkt at eg skulle sy meg ei strikkeveske (eller ti...). Eg synest dei som Felisi syr for sal ser så flotte ut! Har lurt på å bestille ei av henne, og det kan det vere eg kjem til å gjere, men eg hadde litt lyst til å prøve å sy ei sjølv og. Eg har jo så mykje stoff liggande..... Og her er resultatet! Litt hastverkarbeid, men elles blei eg ganske fornøgd!
Veska er ganske stor. Det vil seie at eg brukte ein glidelås på 50 cm. Eg får akkurat plass til eit mønsterhefte i lengda. Så no manglar eg berre 10-20 vesker til dei andre prosjekta mine.....

09 august 2007
Bølgeteppet

08 august 2007
Strømper til jubilanten!

04 august 2007
To grøne prosjekt!

01 august 2007
Sokkar i marine og kvitt

Abonner på:
Innlegg (Atom)