28 februar 2011

Kokebøker og baking

På Mammutsalet i år,
kjøpte eg blant anna desse to kokebøkene.
Kjekt å ha!
Det blei litt baking i vinterferien,
både knekkebrød, bollar og bursdagskake.
Sidan eg ikkje har noko handarbeid å vise fram enno,
har eg fotografert dagens bakst.
Det er Grove sesamrundstykker frå dagens Hjemmet.
Brukte blant anna eit stort beger med yoghurt naturell i desse,
og dei blei veldig gode!
Bok nr. 11.
Fekk lyst til å lese fleire bøker av Jussi Adler-Olsen.
Denne boka synest eg var litt for full av pur ondskap,
så i begynnelsen var eg litt skuffa.
Men den blei betre etterkvart, og vanskeleg å leggje i frå seg.
Eg likar godt rammeforteljinga i denne serien.

20 februar 2011

Vinterferie

Dei to yngste gutane mine og eg har fått vinterferie ei heil veke!!
I dag var Strikkemor/far og Minstemann ein dagstur på hytta
i Stryn kommune.
Nydeleg vinterver, men litt kaldt.

Vekas bok
Bok nr. 10
Denne veka har eg lese Fyrvokteren. Ei spanande og god bok,
(sjølv om eg synest slutten var litt ubehageleg).

13 februar 2011

Søndagsrapport

Denne veka fekk eg endeleg Retromasker i posten.
Eg synest dette er den desidert beste boka til Tine Solheim så langt!!
Masse fint å strikke til kvinner, menn og barn.

Har laga ein kollasj med bilder av nokre av strikkemodellane i boka.
Laurdag var gleda stor då hannkatten vår kom heim
etter å ha vore vekke i 5-6 veker!!
Han var feit og fin, så mat har han i alle fall fått.
Bok nr. 8 og 9 i år.
Begge desse bøkene har eg kjøpt til redusert pris som Bokliv-kunde hos Libris.
Drømmehjerte er svært lettlest med enkelt språk og enkelt innhald.
Men ei fin og velskriven historie.
Kvinnen i buret likte eg svært godt!
Kjem heilt sikkert til å lese fleire bøker av denne forfattaren.
Vi har feira 50-årsdagen til Strikkefar denne helga
med masse god ferdigkjøpt mat!!

05 februar 2011

Februar-oppdatering

Eg er ikkje mykje til hobby-bloggar for tida.
Har fortsatt senebetennelse i høgre arm,
og trur det blir ei god stund til eg kan strikke/hekle/sy igjen.
Klarer å brodere litt, men må vere forsiktig også med det.
Veldig keisamt, men det opnar for andre hobbyar.
Er begynt med apparattrening og symjing eit par gongar i veka,
i tillegg til å lese bøker.
***
Bok nr. 6 og 7
Det tok ei stund før eg blei interessert i Knausgård, men no er eg det.
Synest han skriv utruleg godt!! Det at han er berre to år yngre enn meg, gjer det også ekstra interessant å lese om ungdomstida hans i denne boka.
Han seier i eit intervju at han brukar seg sjølv som ein reiskap, og ligg på grensa til det smertefulle i å utlevere seg sjølv (og andre..). Han likar ikkje å skrive desse bøkene, men vil det (som eit eksperiment). I denne boka utleverer han først og fremst seg sjølv. Boka handlar også mykje om faren, som har vore død ei stund. Eg synest det er veldig interessant og gjevande å lese noko så jordnært og kvardagsleg som denne boka. Knausgård seier at han har eit veldig visuelt minne, og hugsar alle rom han har vore inne i. Dei trivielle hendingane og replikkane er sjølvsagt dramatiserte, men byggjer på stemninga og tonen i dei gitte situasjonane. Dette har han klart veldig bra!! Gler meg til å lese bok nr. 2.
Denne boka er både god, spesiell og ganske fæl.
Handlar om kvinnefellesskap på sitt verste.
***
I går hadde vi 50-årsdag i huset.
Ikkje meg altså. Eg er sjølvsagt m y k j e yngre.
Jubilanten hadde dessverre influensa, så feiringa er utsatt ei veke.
Måtte berre vise fram ein av dei fine blomane som kom på døra!!