05 februar 2011

Februar-oppdatering

Eg er ikkje mykje til hobby-bloggar for tida.
Har fortsatt senebetennelse i høgre arm,
og trur det blir ei god stund til eg kan strikke/hekle/sy igjen.
Klarer å brodere litt, men må vere forsiktig også med det.
Veldig keisamt, men det opnar for andre hobbyar.
Er begynt med apparattrening og symjing eit par gongar i veka,
i tillegg til å lese bøker.
***
Bok nr. 6 og 7
Det tok ei stund før eg blei interessert i Knausgård, men no er eg det.
Synest han skriv utruleg godt!! Det at han er berre to år yngre enn meg, gjer det også ekstra interessant å lese om ungdomstida hans i denne boka.
Han seier i eit intervju at han brukar seg sjølv som ein reiskap, og ligg på grensa til det smertefulle i å utlevere seg sjølv (og andre..). Han likar ikkje å skrive desse bøkene, men vil det (som eit eksperiment). I denne boka utleverer han først og fremst seg sjølv. Boka handlar også mykje om faren, som har vore død ei stund. Eg synest det er veldig interessant og gjevande å lese noko så jordnært og kvardagsleg som denne boka. Knausgård seier at han har eit veldig visuelt minne, og hugsar alle rom han har vore inne i. Dei trivielle hendingane og replikkane er sjølvsagt dramatiserte, men byggjer på stemninga og tonen i dei gitte situasjonane. Dette har han klart veldig bra!! Gler meg til å lese bok nr. 2.
Denne boka er både god, spesiell og ganske fæl.
Handlar om kvinnefellesskap på sitt verste.
***
I går hadde vi 50-årsdag i huset.
Ikkje meg altså. Eg er sjølvsagt m y k j e yngre.
Jubilanten hadde dessverre influensa, så feiringa er utsatt ei veke.
Måtte berre vise fram ein av dei fine blomane som kom på døra!!

8 kommentarer:

Marion sa...

Så synd med senebettenelse....håper du snart blir bra!
Nydelige blomster og bra at du bruker tiden din på gode bøker i stedet for håndarbeid ;)
Ha en god helg videre!

solveig sa...

Gratulerer så mykje med jubilanten!
Eg har Honningtunger liggande ...

Besta sa...

Velkommen i Knausgård-klubben. Gled deg spesielt til å lese nr.3. Eg likte dei tre første bøkene best, men det kjem vel mest av at det er lettare å like personen før han blir "ungdom".Men Karl-Ove er blitt ein venn for livet. Eg er enig med deg i alt du skriv om boka. Det er stort sett berre lesehobbyen eg kan dyrke eg også-men trøstar meg med at ein lærer noko av alt ein les.

Synnøve Olava sa...

Gratulerer med dagen til jubilanten... :O)
Så kjipt å ha senenbetennelse, men det er bra du koser deg med gode bøker. Har ikke lest Knausgård, men det er mulig jeg gjør det en gang!

Go'kveld!

bodil sa...

Hei.Ja du må være forsiktig med arma de.Du får ta igjen når den blir bedre.Ønsker deg riktig god bedring å en riktig fin helg.Klem fra Bodil.

Elin sa...

Gratulerer jubilanten nok ein gong! Eg er så glad du er blitt med i Knausgård-klubben, eg visste du ville bli hekta. Honningtunger var fæl, tykte eg.

Judith sa...

Så kjedelig med senebetennelse, men det er ikke så ille å lese bøker da! Har lest to bind av Min kamp (1 og 5) - gode bøker.

Hildegard sa...

Eg ventar på at biblioteket her skal ta inn lydbøkene til Knausgård. Honningtunge har eg lese som lydbok, ganske slåande skildring, må eg seie.