28 februar 2011

Kokebøker og baking

På Mammutsalet i år,
kjøpte eg blant anna desse to kokebøkene.
Kjekt å ha!
Det blei litt baking i vinterferien,
både knekkebrød, bollar og bursdagskake.
Sidan eg ikkje har noko handarbeid å vise fram enno,
har eg fotografert dagens bakst.
Det er Grove sesamrundstykker frå dagens Hjemmet.
Brukte blant anna eit stort beger med yoghurt naturell i desse,
og dei blei veldig gode!
Bok nr. 11.
Fekk lyst til å lese fleire bøker av Jussi Adler-Olsen.
Denne boka synest eg var litt for full av pur ondskap,
så i begynnelsen var eg litt skuffa.
Men den blei betre etterkvart, og vanskeleg å leggje i frå seg.
Eg likar godt rammeforteljinga i denne serien.

6 kommentarer:

solveig sa...

Kekeboka har eg hatt lenge sidan ei klassevenninne er ein av forfattarane (Heidi). Eg likte spesielt historiedelen. Om eg har laga mange kaker frå ho? Bedehuskaka med kokos er ei slik skuffekake som mange liker.
Den andre kokeboka har eg kjøpt, men ikkje hatt tid til å lage frå.
Krimboka likte eg og, men ikkje så godt som den første.

Snuppesnella sa...

Ta kaka boka har eg også.
Kjekk bok !

Held på å bli tussete.. Kjenner at eg bør ta det med ro når det gjeld strikking, etter bruddet i handleddet.
Blir til at eg blir endå meir frista av alle dei fine bloggane !
Får inderleg håpe det er forbigåande vondt.. !

Snuppesnella sa...

Takk for koseleg besøk i bloggen.

Strømpepinnane mine er ein draum !
Dei har mange navn: KnitPro, KnitPicks, Harmony Wood. Eg synes dei er knallgode !
Har forresten kjøpt meg AddiClick rundpinnesett. Glatte og lette.

På strikkekafeen eg er på, pleier vi å sei når vi kjøper garn og pinnar: Jaja, vi røykjer jo ikkje ! Hehehe

Du er no flink å lese bøker du !
Eg har anskaffa meg ein støttebandasje og strikkar litt forsiktig.
Kos deg med bøkene og strikkedraumane. ;)

strikkenor sa...

Eg kjøpte også den "Ta kaka" på mammutsalg. Ellers vart det litt andre godbitar også. Har ikkje baka noko frå den enno, men det blir nok ikkje lenge til.
Kos deg vidare med bøkene dine:)

Anonym sa...

Hei.De runstykkene så virkelig gode ut.Nam,nam.Ønsker deg en riktig fin uke videre.Klem fra Bodil.

Unknown sa...

Så flotte bøker du har fått kjøpt deg! har blitt lite bokhandling på meg ennå, får se i morgen om det fortsatt er igjen noen godbiter... :O)

God hleg!