03 mai 2009

Mai-kveld

Noko av det som er fasinerande ved å bu ved ei elv, er å følgje dyre - og fuglelivet gjennom årstidene. Det er alltid noko å sjå på og noko som skjer i og ved elva. No er det måsetid. Vi har ein del fiskemåsepar som hekkar her langs elva. Det er dei samme para som kjem igjen år etter år, og det er samme opplegget med paring, ruging og ei travel tid når ungane er utklekka og fram til dei har lært å fly. Eg veit at mange er irritert på desse fuglane, men her er dei i eit naturleg hekkeområde, og vi har vel tilpassa oss kvarandre. Av og til kan eg bli litt oppgitt over fugledrit på klesvasken eller på hagebordet og skriking om natta når der er framandelement i elva (mink), men stort sett går det bra.
Framgang på teppet.

12 kommentarer:

Strikk innom sa...

Stå på med teppet ditt, det blir kjempefint!

Besta sa...

Når ein bur i eit så fint naturområde må ein tole litt "dritt". Til eldre eg blir, til meir set eg pris på naturen med plantar,dyr og fugleliv.

solveig sa...

Du har eit poeng med at dei er i sitt naturlege element. I dag såg vi korleis måsane på Molde ferjekai tømde bossa. Dei tok ut plastemballasje og plukka ut chips og andre godsaker. Dei veit å tilpasse seg.

Ragna sa...

Takk for hyggelig bursdagshilsen! Jeg liker fortsatt fargene på teppet :-) Da jeg bodde i Finnmark var vi naturlig nok mye nærmere naturen enn jeg er nå i Oslo. Det er det eneste jeg savner hjemmefra, nærheten til naturen, både fugleliv, dyreliv og planteliv. Synes det er så bra at du gleder deg over fiskemåsene selv om de skriker litt. Det er tross alt en naturlig del av livet til disse snodige vesnene :-)

Elin sa...

Fint å bu i nærkontakt med naturen, av og til saknar eg sjøkanten her eg bur oppunder skogen. Fuglesongen er vel finare her, men litt måseskrik skadar ingen. Dette teppet kjem til å bli lunt og deilig!

arieldog sa...

Av og til vaknar eg i gryotta fordi det er så mykje "støy" frå fuglane i skogen rundt. I går gjekk eg tur i regnet og kjende "stanken" av hegg i blomstring. Livet på landet er fantastisk, og denne årstida er det meste av lydar, lukter og fargar intenst etter ein stille, luktfri og fargelaus vinter. Koseleg bilete, og nydelege fargar i det teppet!

Anita fra hjerterommet sa...

For et utrolig flott bilde!

sissel sa...

Så nydelig bilde, der kunne jeg sitte i timesvis tror jeg. herlige ruter, spent på sluttresultatet ;)

[morgrethe] sa...

Hallo Hilde.

Ser du koser deg i det fine været. Det er godt med vår og varme nå.

Ser også at du har fått produsert mye fint i april. Fine heleruter til teppe også, og sekskant-teppet du ønsker å sy er en imponerende jobb. Nå er det vel snart to år siden jeg sydde på sekskantene mine. Kanskje på tide å ta de frem igjen;-)

Maret sa...

Mai er då utruleg flott, og naturen som vaknar til liv. Fugle- og dyrelivet så tett inn på livet er flott, sjølv om ein av og til kan bli oppgitt over iltre skrik..

Rekkehuset sa...

Så fine lapper - det blir nok et flott og deilig teppe! Sikkert mykt også når du bruker alpakka:-) Tusen takk for hyggelig kommentar hos meg, hjertelig hilsen Hanne.

celiabe sa...

Maravilloso blog.Saludos
Celia