24 april 2009

Oppussing i heimen

Til sommaren blir det 22 år sidan vi flytta inn i huset vårt. Det var difor på tide med litt oppussing.
Vi er ikkje spesielt opptekne av interiør og mote/trendar, men har då fått med oss at no skal det vere lyse veggar. Vi malte litt veggar på 90-talet, og då var det blått kjøkken og raud eller gul stove som var det riktige.
No var det herleg å få malt dei okergule veggane i stova lyse.
Golvet er nesten ferdig, så vi har begynt å flytte inn igjen i den eine delen av stova.
Vi (dvs. "slaven min"), har malt golv og taklistene, som sjølvsagt var trekvite i god gammal 80/90-tals stil. Men der slutta viljen for denne gong, og eg får vel vere fornøgd med det inntil vidare.....
I haust malte vi denne vinterhagen som ligg vegg i vegg med stova. Litt av ein jobb å male fire vindu og ei dør viss ein skal gjere det skikkeleg. Denne delen av stova blei ferdig i desember.

4 kommentarer:

arieldog sa...

Ser veldig lekkert ut! Gratulerer!

Hildegard sa...

Dette ser bra ut. Jammen har du ein flink gubbe.
Mamsen

solveig sa...

Fine vegger og ikkje minst golv. Her i huset må vi snart starte i ein ende.
Eg er heller ikkje så veldig opptatt av interiør. Eg fornyar sjeldan, derfor vil eg heller satse på kvalitet.

Besta sa...

Vi er vel snart dei einaste som framleis har trekvite vegger og trivast med dei. Men malt panel er lekkert!! Eg har sans for nøytrale fargar på vegger og golv, så kan ein heller boltre seg i fargar på dei små tinga.Gratulerer med fin, ny stove. Neste gong vi kjem til Eid vil eg bort å sjå!!!