21 februar 2009

Bursdag

Denne dagen har vi venta lenge på, faktisk i fleire månader! Minstemann vakna eit par timar tidlegare enn vanleg denne laurdagsmorgonen (sukk), og her sit han klar for litt action...
Spiderman-drakta har ikkje vore av sidan i går tidleg,
det var nemleg karneval i barnehagen i går!
I dag er det 5 år sidan Minstemann blei født, seks veker før termin, på kong Harald sin bursdag.
Han er yngst av fire brør og er 16 år yngre enn eldstemann.
Hurra for 5-åringen!

6 kommentarer:

Besta sa...

Vi gratulerer femåringen med dagen og ønsker lykke til med feiringa.Han er jo heilt "konge"- som deler fødselsdag med store-kongen!

Elin sa...

Hjarteleg til lukke med den store dagen!

solveig sa...

Gratulerer frå Hareid. 5 år er ein kjekk alder! Greit å ha ein dag å henge dagen på. Audun er fødd ein dag etter kongen, eg ein dag etter gamlekongen.. Så eg har gjort det til ein sport å kunne kongelege datoar. Eg etterlyser t.d. flagg 19. august.

Hildegard sa...

Gratulerer med 5-åringen! Vi gled oss til feiring i lag med farmor og farfar.
Helsing
Mormor og morfar

arieldog sa...

Gratulerer frå Bjørneset òg!

Turid sa...

Gratulerer med fem åringen !!- nyt han ...hadde bilde av vår bursdags gutt på bloggen i fjor i april - da ble han 23- bilde var fra fem års dagen....
Ha en flott fastelavens helg, kaffegodt hos mæ om du ser innom.