12 februar 2009

Sokkar i Silja

Dette sokkeparet i str. 29/30 ca. er strikka i Silja frå Gjestal (frå garnlageret mitt). Det gjekk med akkurat 50 gram.

6 kommentarer:

Lappetausa sa...

Søte sokkar! Kor mange gram har du garnslanka no då?

Hildegard sa...

Artig med garnrestar, eg har nett gjort ferdig eit par til Kristine med 4 forskjellige restar, strikka begge lestene samtidig for at det skulle stemme sånn nokolunde. No er eg så vidt byrja på lageret eg overtok etter Strikkemor med tjukt treskogarn. Tungt å strikke, men får ta tida til hjelp.
Eidabesta

Liv sa...

Sokkene ble riktig flotte. Det er god bruk for slike nå i den kjølen vi opplever om dagen!

Besta sa...

Eg gjer ofte slik som Eidabesta når eg skal bruke opp restar. No har eg mange restar, men dessverre er det strikkepause.Lyt visst lære meg å gå og strikke.
Silja er vel slikt garn dei sel på Europris. Er det sterkt?

STRIKKEMOR(O) sa...

Garnet virkar sterkt, ja. Veldig mjukt og godt å strikke med og. Rimeleg, trur eg har kjøpt det på Spar Kjøp eller Nille. Litt tjukkare enn Opal t.d., men det er greit å ha både tynne, mellomtjukke og tjukke sokkar alt etter som...

strikkeogtove sa...

Kjempefine sokker. Syntes fargen var flott. Selv er jeg ikke akkurat noe særlig glad i sokkestrikk. Ha en fin dag i kulden.