31 mai 2008

Det blomstrar i hagen!

Japansk epletre i full blomst.....

Rhododendronbusk


Desse treng ikkje vatnast :)

Min "bedre" halvdel var på blomsterhandel i dag. Må innrømme at det er han som gjer alt arbeidet i hagen. Eg har ikkje grønne fingrar (og har dessutan andre ting å henge fingrane i.....)

30 mai 2008

Litterær utfordring

Pick up the nearest book.Open on page 123.
Find the fifth sentence.Post the next three sentences.
Tag five people, and acknowledge who tagged you.
Denne utfordringa fekk eg av Felisi.
Boka som ligg nærast meg kjøpte eg for eit par dagar sidan av ein afrikanar på motorsykkel. Han var student ved eit universitet i heimlandet, og var i Noreg for å tene pengar på å selje bøker for eit forlag som heiter Norsk Bokforlag A/S. Boka eg kjøpte er: Småtroll i desember av Britt-Venke Oldebråten, og den inneheld mange småforteljingar som ein bl.a. kan bruke som adventskalender.
s. 123, setning seks, sju og åtte:
"En kveld fikk ikke Lotte sove. Det var helt umulig. Hun prøvde å lukke øynene hardt igjen, men det hjalp ikke."
Utfordringa går vidare til Lappetausa, Besta, Hildegard, Ingun og Mallemor!

28 mai 2008

Blomster frå Ronille

Denne blomen fekk eg av Ronille, og det var veldig koseleg!! “Ville hedre noen fordi de lyser opp hverdagen min, jeg lagde dette og send gjerne videre!! KLEMDenne blomsten med disse ordene gir jeg til mine 10 som gjør dagen min bedre!!”

Eg gir den vidare til ti av dei bloggane som eg besøker mest:
Bente B, Liselotte, Felisi, Lappetausa, Besta, Ariel, Tone M, Timotei, ortentrovåg og Mor Grethe.
Alle finst på blogglistene mine!

26 mai 2008

Fanakofte til baby og sokkar i retrofargar.

Det har blitt lite handarbeid på meg dei siste vekene, men nokre omgangar får eg no strikka kvar dag. Eg held på med ei fanakofte i str. 9 mnd., ei gåve som eg skal ha med til USA i sommar. Har berre ei arm igjen å strikke.
Elles strikkar eg sokkar i eit garn som eg ikkje hugsar namnet på. Det liknar veldig på Opal og er i kjempefine retro-fargar!

25 mai 2008

Here we go again......

Det ser ut til at dataproblema mine er over for denne gong. Eg fekk god hjelp av nevøen min, Kristoffer, i dag - så no er det på'an igjen!
Det har vore nydeleg ver denne helga, og vi har vore ute nesten heile tida. Vi har hatt bål og spidda pølser både fredag og laurdag. Laurdagskvelden blei det litt dramatikk også, då Don og Wendy rømte frå sommarbeitet sitt. Men det gjekk bra til slutt. Over føl Viktor (som eg er "tante" til) med på det heile frå sidelinja. Under Don før han rømte. Det må nok straumgjerde til, var konklusjonen.

Eit bilde frå dagens fjelltur, utsikt frå Skårhaugsetra.
I morgon skal eg sjå om eg får lagt ut bilde av det eg jobbar med på handarbeidsfronten for tida. Ikkje mykje å skryte av, men litt blir det no tid til.

16 mai 2008

Hipp hipp, Hurra!!

Eg ynskjer alle ein fin 17- mai!!
Eg har litt dataproblem for tida, så det er dårleg med innlegg her på bloggen!

12 mai 2008

Gårsdagens konfirmant

I går var det konfirmasjon igjen. Denne gongen til Øyvind som eg er tante og fadder til!

10 mai 2008

Mai - så skjønn og mild...

Nok ein nydeleg laurdag på Vestlandet!
På besøk hos besta og farfar. Denne pusen er frå det fyrste kullet som katten vår fekk for fire-fem år sidan.

08 mai 2008

Frigjeringsdagen og KV-Tor

I dag var alle dei eldste elevane ved skulen der eg jobbar ombord i det nye kystvaktfartyet til KNM. Fartyet heiter KV-Tor og er berre 5 mnd. gammalt. Inni var alt nytt og fint. Elevane blei imponert over at mannskapet hadde eit eige rom til Playstation og trimrom. Elles var det spanande med kanon og kikkert! Kystvaktfartyet har base på Haakonsvern i Bergen og er i teneste langs kysten frå Egersund til Stadt.
Vi har hatt ein nydeleg dag i dag, varmt og fint! Måtte det berre vare.....

07 mai 2008

Fugleliv

Dette er eit av dei mange måsepara som har kome tilbake for å hekke her langs elva. Pussig at dei kjem tilbake til samme hekkeplassen kvart år, og at dei held seg til den samme partnaren heile livet!! Førebels er dei ganske avslappa og fredelege, men når dei har egg og ungar å passe på, kan det gå ganske livleg føre seg her! Men dette er trass alt ein naturleg hekkeplass for fiskemåsen, så vi får vel finne oss i litt skriking.....
Ugle nr. 4 og 5 er ferdige.

06 mai 2008

Bursdag i familien!

Vi gratulerer "lisje-broren" min med 39 års dagen i dag!

05 mai 2008

Blomstrande nålepute

Alle gode ting er tre, og dette er mitt tredje innlegg i dag!! I helga sydde eg denne nåleputa som eg fann mønster på i eit amerikansk blad ("Quilts and More, spring 2008" frå Better Homes and Garden). I bladet står det at den er Quick-to-Make, men eg synest no det var litt arbeid å klippe ut 16 delar til blad og 8 delar pluss topp og botn til nåleputa. Sy alt saman, vrenge pluss pluss. Nåleputa blei større enn kva eg hadde trudd, så der er god plass til masse knappenåler og synåler! Einaste endring eg gjorde var å sy på eit blått band. Det kvikka litt opp, synest eg.

Konfirmant i Sognebunad

I går var vi i konfirmasjon til Ingeborg. Sjå kor flott ho var i sin nye sognebunad!

Don og Wendy

Eg er tante til to hestejenter. I går kom dei på besøk saman med hesten sin Don og ei "veninne" av Don som dei brukar å låne, Wendy heiter ho.
Don er berre så vakker!!
Henning fekk prøve å sitte på Don. Det var litt skummelt....

02 mai 2008

Endeleg ferdig!!

I dag har eg hatt fri frå jobben og har for det meste berre sløva. Men noko må ein gjere på når ein sløvar og. Eg fekk montert ferdig den lilla sommarjakka, herleg!
Eg var hos Reidun på Eid Miljø og kjøpte denne nåla som er laga av bein (berre 69 kroner).
Fint å sleppe knappehol og knappar!

Ugler i mosen

Her er uglene som eg har sydd denne veka etter å ha blitt inspirert her og her.
Enkle og artige å lage.

01 mai 2008

Litt gammalt og litt nytt

Her er jakkene som eg strikkar på for tida. Den lilla begynte eg på i fjor sommar og er omsider nesten ferdig. Manglar berre ei halv arm. Eigentleg ganske enkel og rask å strikke, men blei av ein eller annan grunn liggande uferdig.........
Denne blå er mitt nyaste prosjekt, og det skal bli spanande å sjå kor tid den blir ferdig...

Mønsteret er frå det siste Mandarin-heftet til Sandnes.
Til slutt to bilder frå dagens fjelltur.
Over eit av dei få slakke partia på stien opp til setra.