25 mai 2008

Here we go again......

Det ser ut til at dataproblema mine er over for denne gong. Eg fekk god hjelp av nevøen min, Kristoffer, i dag - så no er det på'an igjen!
Det har vore nydeleg ver denne helga, og vi har vore ute nesten heile tida. Vi har hatt bål og spidda pølser både fredag og laurdag. Laurdagskvelden blei det litt dramatikk også, då Don og Wendy rømte frå sommarbeitet sitt. Men det gjekk bra til slutt. Over føl Viktor (som eg er "tante" til) med på det heile frå sidelinja. Under Don før han rømte. Det må nok straumgjerde til, var konklusjonen.

Eit bilde frå dagens fjelltur, utsikt frå Skårhaugsetra.
I morgon skal eg sjå om eg får lagt ut bilde av det eg jobbar med på handarbeidsfronten for tida. Ikkje mykje å skryte av, men litt blir det no tid til.

2 kommentarer:

Besta sa...

Før i gamle dagar når vi hadde vore på tur t.d. til Innvik, fekk vi landkjenning når vi endelig såg Skårhaugsetra. No har eg registrert at der er tilgrodd med tre, så setervollen er ikkje så karakteristisk lenger.Eg HAR vore der, men det er lenge sidan!Fin utsikt!

Skogstrollet sa...

Så flott Golden du har da. Har selv en tispe på snart tre år. Du ser henne på bloggen min hvis du vil......