07 mai 2008

Fugleliv

Dette er eit av dei mange måsepara som har kome tilbake for å hekke her langs elva. Pussig at dei kjem tilbake til samme hekkeplassen kvart år, og at dei held seg til den samme partnaren heile livet!! Førebels er dei ganske avslappa og fredelege, men når dei har egg og ungar å passe på, kan det gå ganske livleg føre seg her! Men dette er trass alt ein naturleg hekkeplass for fiskemåsen, så vi får vel finne oss i litt skriking.....
Ugle nr. 4 og 5 er ferdige.

4 kommentarer:

Elin sa...

Idyllisk bilete! Og uglene formerer seg i raskt tempo. Her går det unna både på stash og buttons!

Besta sa...

Eg frydar meg over dei vakre naturbilda dine.Men så er det eventyrleg fint ved Oselva , særleg om våren og sommaren, kanskje. Men kvar årstid har sin sjarm.Måsar er ålreite fuglar sjølv om dei er bråkete. Her hos oss har vi tyrkerduer som irriterer mange........

marit sa...

Flott bilde av måkene- men jeg har likevel mer sans for uglene dine:-)(og nåleputa var også skikkelig stilig!)

solveig sa...

I myrane frå skulen vår og fram til Grimstadvatnet skal det hekke 5 ulike måseartar. Dei sat og skreik seg gjennom 1. omgang av fotballkampane, men no held dei seg vekke. Dei forstår vel kven som har førsterett her i verda!