Eg har lenge tenkt at eg skulle ha hekla/sydd nokre glasbrikker. Desse fann eg mønster på i eit hefte frå Gjestal (nr. 1012). Dei er enkle å hekle og praktiske i bruk.
Her fekk eg lære både å hekle etter diagram og lage spindel....
Alle desse brikkene er ganske små. Dei runde er ca. 20 cm i diameter.
Alle desse brikkene er ganske små. Dei runde er ca. 20 cm i diameter.
Til slutt to bilder tatt frå hagen i dag tidleg. Etter ei veke med sol og varme, er det overskya i dag, men fint likevel.
7 kommentarer:
For ein idyll! Du er blitt kjempeflink å hekle, kjekt med slike småprosjekt.
Utruleg vakkert der borte ved elva, særleg om sommaren. Det var eit paradis lenger nede også i min barndom, før dei bygde slaktehuset og meieriet.
utruleg at du greier å halde på med handarbeid; kvar gong eg prøver, så blir skuldra umulig igjen. Lykke til i Førde.
Trolsk føremiddagsstemning ved Os-elva. Ja, sommarhalvåret er ei fin tid på denne sida av dalen. Mamsen
Så idyllisk det må være å bo ved vannet. Fine heklebrikker du har laget. Her blir det også mindre produksjon i ferien.
For ein vakker plass dokke har! Mange fine bilder med fjell og fjord også. Ha ein fin sommar!
Dette var flott, både brikkene og heklinga...
Ha ei fin helg.
Så fint det er hos dere! Tenk å ha en slik utsikt fra hagen sin da. Du er blitt skikkelig flink til å hekle, synes jeg! Fine, små brikker. Tenkte å ta med meg litt heklesaker når jeg drar på ferie jeg også. Lenge siden jeg har heklet noe nå.
Legg inn en kommentar