05 mai 2008

Blomstrande nålepute

Alle gode ting er tre, og dette er mitt tredje innlegg i dag!! I helga sydde eg denne nåleputa som eg fann mønster på i eit amerikansk blad ("Quilts and More, spring 2008" frå Better Homes and Garden). I bladet står det at den er Quick-to-Make, men eg synest no det var litt arbeid å klippe ut 16 delar til blad og 8 delar pluss topp og botn til nåleputa. Sy alt saman, vrenge pluss pluss. Nåleputa blei større enn kva eg hadde trudd, så der er god plass til masse knappenåler og synåler! Einaste endring eg gjorde var å sy på eit blått band. Det kvikka litt opp, synest eg.

4 kommentarer:

Elin sa...

Eg er imponert! Kjempefin nålepute!!

Anonym sa...

Utrolig flott nålepute, og det er mange av de andre tingene du har laget også!
Ha en flott uke!

Anonym sa...

Kan tenke meg at det var litt arbeid med den nåleputa , men så ble den nå søt og da . Syns den lilla jakken din var veldig lekker også.

Two sa...

Denne var både søt og annleis! Eg lurer på om dette er noko du kunne lært oss på eit medlemsmøte i haust ein gong, td. i november?? Tenk litt på det og gje meg beskjed.